Norsk Målungdom

Norsk Målungdom (NMU)

Me er den største ungdomsorganisasjonen for språk i Noreg, og den einaste som jobbar for nynorsken og dialektane

NMU er partipolitisk uavhengig, og er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag. Me arbeider for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, for å take vare på det språklege mangfaldet og å styrkje dei språklege rettane.

Dette inneber at nynorskbrukarar får bli møtt av språket sitt i media, skulekvardagen og elles i samfunnet og at ein skal kunne bruke dialekten sin der ein vil. Me meiner òg at det norske samfunnet har eit ansvar for at brukarar av kvensk, dei samiske språka og andre minoritetsspråk skal respekterast og bli støtta opp om.

Kvart år vitjar NMU skular over heile landet, og arbeider særleg med dei språklege rettane til elevar både med nynorsk som hovudmål og som sidemål. Me passar på at mållova og andre språkrettar vert følgde. Andre saker me arbeider for er nynorskundervising for framandspråklege, nynorsk i media, innføring av nynorsk på nye område og meir nynorsk i næringslivet.

Det eldste lokallaget vart skipa alt i 1877 (Maalvinarlaget), og NMU kom til som samlande organisasjon i 1961, under namnet Noregs Student- og Elevmållag (NSEM).

Informasjon

Postadresse:
Norsk Målungdom
Dronningens gate 22
0154 Oslo
kart
E-post:
norsk@malungdom.no
Telefon:
97 34 28 64
Organisasjonsnummer:
959 358 451
brreg
Kontonummer (medlemspengar):
3450.65.48618