Norsk Målungdom

Motmæle

Motmæle er medlemsavisa til Norsk Målungdom. I avisa finn du politiske og organisatoriske nyhende som er aktuelle for NMU, og artiklar og reportasjar knytte til språk og ideologi. Alle er velkomne til å skriva for Motmæle.

Avisa vert laga av bladstyret som vert sett ned av landsstyret kvar vår. Om du ikkje er medlem av Norsk Målungdom, men likevel vil ha Motmæle, kan du tinga bladet frå oss.

Bladstyret

  • Jorunn Simonsen Thingnes (bladstyrar)
    E-post: jorunnthingnes@gmail.com
  • Hans Rasmus Glomsrud
  • Astrid Myren
  • Vegard Storsul Opdahl
  • Sunniva Thingnes Leira

Skrive for Motmæle

Motmæle er di avis, difor ynskjer vi at du skal vere med å lage ho. Kanskje du har lyst til å skrive ei bokmelding, ein artikkel om språkstoda i Irland, eller vil du skrive om det siste medlemsmøtet i lokallaget ditt? Vi veit at mange av medlemene våre er flinke til å skrive og har mykje på hjartet. Å skrive tekstar til Motmæle er god skrivetrening!

Send ein e-post til jorunn.thingnes@nynorsk.no der du fortel om kva du ynskjer skrive om. Veit du ikkje heilt? Motmæle har sikkert eit oppdrag som høver for deg!

Ein Motmæle-tekst er vanlegvis på mellom 300 og 600 ord, avhengig av kva type tekst det er. Send gjerne med gode illustrasjonsbilete til teksten din.

Redd for at teksten din ikkje er bra nok? I Norsk Målungdom har vi heldigvis mange gode korrekturlesarar. Send inn teksten din i god tid før avisa går i trykken, slik at vi har tid til å gje deg konstruktive tilbakemeldingar.

Vi vil at Motmæle skal vere ei levande medlemsavis. Er ikkje artikkel sjangeren for deg, send inn bilete, eit dikt eller kanskje ei teikning?