Norsk Målungdom

Skrivarstova

Skrivarstova er kontoret til Norsk Målungdom, og held til i Dronningens gate 22 i Oslo. Dei tilsette utfører administrative oppgåver knytte til målferd, medlemsregister, målgåveregister, dagleg økonomiarbeid og kontakt med medlemmane og lokallaga.

Om skrivarstova

Skrivarstova er sett saman av skrivar og kontormedarbeidar, i tillegg til leiaren. Her kan du kontakte skrivarstova.

Skrivaren har hovudansvar for dagleg drift, økonomiarbeid, rekneskap, medlemsregister og organisatorisk arbeid, i tillegg til å vere skrivar for sentralstyret og landsstyret. Dette er den same rolla andre organisasjonar kallar «dagleg leiar» eller «generalsekretær».

Leiaren i sentralstyret er frikjøpt i full stilling for å arbeide med politikk og oppfølging av styre og lokallag.

Kontakt

Norsk Målungdom
Dronningens gate 22, 0154 Oslo
E-post: norsk@malungdom.no
Telefon: 97 34 28 64

Dei tilsette

Leiar – Sebastian Vinsent Natvik (Frå Alver, fødd 2003)
E-post: sebastian@malungdom.no
Telefon: 99 50 80 11

Skrivar - Mari Kaslegard
E-post: mari@malungdom.no
Telefon: 41 66 26 80