Norsk Målungdom

Målferd

Kvart år dreg Norsk Målungdom på målferd til mange skular over heile landet. Dette er noko av det viktigaste me gjer sidan me når ut til mange ungdomar me elles ikkje ville møtt. Det er viktig for oss at alle skular som ynskjer målferd skal få det. Difor er målferd gratis, og me er fleksible på når me reiser.

Målferdopplegget går til vanleg over to skuletimar for éin klasse av gongen, og me tilpassar stoffet etter nivået til elevane. Me vitjar både vidaregåande skular og ungdomsskular. Me tek opp emne som språkhistorie, dialektar i Noreg, språkmangfald og språkleg toleranse. Føredraget inneheld to bolkar: ein bolk der vi tek føre oss språkhaldningar og språkvalsmekanismar, og ein bolk der vi tek føre oss den norske språksoga frå gamalnorsk tid til i dag.

Om det er spesielle emne elevane interesserer seg ekstra mykje for, snakkar me gjerne meir om det. Det kan til dømes vera stor skilnad på kva elevar i nynorskområde og bokmålsområde synest er spanande å snakka om. Kva kunnskapar og haldningar elevane har til språk og nynorsk på førehand har ikkje noko å seia. Om du vil vita meir kan du lesa målferdbrevet vårt, og om du vil ha målferd på skulen din, kan du kontakta skrivarstova.