Norsk Målungdom

Nynorsk

Nynorsk er eit samlande skriftspråk for dei ulike dialektane i Noreg. Det er eit levande språk som vert nytta av hundretusenvis av menneske kvar dag, og det vert nytta på alle område i samfunnet, jamvel om det er bokmål som dominerer dei fleste plassane.

Nynorsken me kjenner i dag har utvikla seg frå landsmålet som Ivar Aasen laga dei fyrste prøvene av på 1850-talet. Kjeldene han nytta var eit stort innsamla dialektmateriale frå fleire ferder rundt om i landet. Nynorsk vart offisielt språk i 1885, og har sidan tidleg på 1900-talet hatt ei varierande, men stor brukargruppe.