Norsk Målungdom

Valnemnda

Valnemnda innstiller på sentrale verv i organisasjonen. Dei vil gjerne ha innspel frå deg! Her kan du sjå kven som sit i valnemnda og korleis du kan kontakte dei.

Det er landsmøtet som vel kven som sit i valnemnda.

Kampen for nynorsken og dialektene – med deg på laget?

Er du oppteken av betre sidemålsundervisning, meir nynorsk i akademia og ei språklov som sikrar rettane til brukarar av mindretalsspråk i Noreg?

Norsk Målungdom (NMU) er den einaste ungdomsorganisasjonen som arbeider for nynorsken og dialektene, og er alltid på leit etter fleire som vil engasjere seg i organisasjonen. På landsmøtet i mars 2022 skal det veljast nye styre.

Viss du er interessert i å stille til val, tipse oss om nokon du kjenner eller vil vita meir om kva det vil seia å sitja i sentralstyret eller landsstyret, kan du senda ein e-post til valnemnda.

Sentralstyret står for den daglege drifta av organisasjonen. Dei som sit i sentralstyret er valde av landsmøtet for eitt år om gongen. Styret held i regelen til i Oslo og møtest kvar veke. Det er sentralstyret si oppgåve å planleggje og gjennomføre nasjonale tilskipingar, gjennomføre politikken i arbeidsprogrammet og reise på skolebesøk kvar haust og vår for å snakke med skoleelevar om nynorsk og språkhaldningar.

Leiar

Leiaren har det øvste ansvaret i organisasjonen og er organisasjonen sitt ansikt i media. Det er ei løna 100 % stilling på kontoret i Oslo.

Nestleiar

Nestleiaren har leiaren sitt ansvar viss leiaren ikkje er til stades.

Sentralstyremedlemer

Som medlem i sentralstyret får ein utdelt ulike politiske og organisatoriske oppgåver og er med på å gjennomføre tilskipingar i organisasjonen.

Skrivar er det same som generalsekretær eller dagleg leiar. Det er ei løna 100 % stilling på kontoret i Oslo. Ansvarsoppgåvene er økonomiarbeid, rekneskap, medlemsregister og organisatorisk arbeid.

Landsstyret er det øvste organet i Norsk Målungdom mellom landsmøta. Alle i landsstyret er valde for eitt år om gongen og møtest fire helger i året. Det er landsstyret som deler ut Dialektprisen og tek politiske avgjersler, skriv fråsegner og uttaler seg om viktige språkpolitiske tema.

Valnemnda si oppgåve er å foreslå for landsmøtet kven som skal sitja sentralstyret og landsstyret. Det er landsstyret som innstiller på kven som skal sitje i valnemnda. Vi vidaresender forslag til kandidatar vidare til Skrivarstova.

Valnemnda 2023-2024

  • Marit Voldsund Fjeldvær
  • Mathilde Løkkevik

Varaar

  • Sylvelin Bækken Toft
  • Guri Aronsen-Ystad

Viss du vil kontakte valnemnda, kan du sende ein epost til: valnemnda@malungdom.no.