Arbeidsprogram 2026–2027
Vedteke av landsmøtet i Bergen 20. - 22. april 2026.
INNLEIING
Norsk Målungdom (NMU) skal nytta dette programmet som grunnlag i arbeidet for nynorsk, dialekt og språkmangfald. Organisasjonen skal arbeida politisk og vera med på å utforma den norske språkpolitikken. Organisatorisk skal me arbeida for å verta større og sterkare.
1 POLITISKE PRIORITERINGAR
NMU skal prioritera dei fylgjande sakene i den komande perioden. Me skal òg markera standpunkt i og arbeida med andre språkpolitiske saker som vert aktuelle.
1.1 Skulen og høgare utdanning
Skulen og høgare utdanning er nokre av dei desidert viktigaste arenaene for nynorsken. Det er òg blant dei hardaste frontane me har språkpolitisk. Åtak på sidemålsordninga i skulen og sterkt press lagt på norsk i akademia må svarast med tydelege og forskingsbaserte målsetjingar. Universiteta og høgskulane må utdanna nynorskkompetente lærarar som gjev god og pedagogisk opplæring i grunnskulen og vidaregåande. Sidemålsordninga skal ikkje fjernast, ho skal betrast. Ein skal ha høve til å nytta målet sitt igjennom heile utdanningslaupet.
NMU skal:
- arbeida for at universiteta og høgskulane lagar nynorske utgåver av pensumbøker og anna tilfang i exphil-undervisinga
- arbeida for at skulen legg til rette for at nynorskbrukarar lett kan halda på målet sitt igjennom heile skulelaupet
- informera bokmålselevar om at dei kan skifta til nynorsk hovudmål og korleis dei går fram for å gjera dette
- arbeida for at sidemålsopplæringa byrjar i andre klasse, med stort fokus på eksponering igjennom lesing og song
- arbeida for at brot på kravet om minst 25 prosent bruk av båe skriftspråka i universitets- og høgskulesektoren skal verta sanksjonert med bøter
- arbeida for utviklinga av norsk som fagspråk i akademia, innanfor alle fagfelt
- arbeida for sidemålskarakter på alle trinna på ungdomsskulen og vidaregåande, med obligatorisk sidemålseksamen på vidaregåande
- arbeida for at skulen ikkje skal nytta digitale program utan god nynorsk utgåve
- arbeida for at læremiddel medrekna for opplæring i norsk som andrespråk skal vera like tilgjengeleg på nynorsk som på bokmål
1.2 Asymmetriske tiltak
Nynorsk og bokmål skal vera jamstillte mål, men i røynda har ikkje nynorskbrukarar dei same rettane som dei som nyttar bokmål. Nynorsk tarv assymetriske tiltak og eit særskilt vern i møte med teknologi, urbanisering, og skulerøystingar.
NMU skal:
- arbeida for å fjerna ordninga med parallellklasser på nynorskskular
- arbeida for at alle nynorskområde skal nytta nynorsk i vaksenopplæringa si og syta for at nynorsk vert synleg og tilgjengeleg for ikkje-nasjonale minoritetar (med føredøme t.d. i Gloppenmodellen)
- arbeida for ein stogg av alle skulemålsbrigde frå nynorsk til bokmål
- arbeida for at staten gjev økonomiske løyve til område der nynorsken står sterkt, og legg viktige institusjonar til nynorskområde
- arbeida for at fleire bokmålskommunar vert språknøytrale, og at fleire språknøytrale kommunar vert nynorske
- arbeida for at fleire kommunar vedtek ein språkbruksplan som særskilt fremjar nynorsken i kommunen.
- samkøyra og samarbeida med Noregs Mållag i arbeidet med å grunnlovsfesta jamstillinga imellom nynorsk og bokmål
1.3 Språkmangfald i Noreg
Noreg har alltid hatt fleire språk, der desse har vorte ein uvurderleg del av nasjonen vår. Diverre har nye utviklingar i samfunnet som KI, internett og sentralisering byrja å truga desse. Det er NMU si oppgåve å ta til motmæle for alle dei nasjonale minoritetspråka. Me trur at mangfald gjer oss sterkare. NMU skal arbeida for å styrkja minoritetsspråka i eit samfunn dominert av engelsk og bokmål.
NMU skal:
- arbeida for å popularisera og få igjennom asymmetriske språktiltak for alle dei nasjonale minoritetsspråka
- arbeida for synleggjering, bruk og positivt omdømme, spesielt hjå unge brukarar arbeida for å oppretta samarbeid med kvenske, samiske, romani og romanes organisasjonar, for å gje desse språka meir styrke i sin kamp
- ha særskilt fokus på den samiske språkkampen i perioden 2026-2027
- knyta ein kontaktperson frå sentralstyret til kvar språkorganisasjon
- motarbeida det norske domenetapet mot engelsk
- arbeida for at staten fylgjer opp dei lovfesta rettane til språklege minoritetar
- arbeida for at fleire vedtek stadnamn på minoritetsspråka
- ha innleiing frå minoritetsspråklege organisasjonar på sumarleir
2 ORGANISASJON
For å synleggjera organisasjonen, engasjera medlemer og fremja politikken vår, har NMU desse satsingsområda:
2.1 Utvikling
NMU skal:
- ha 1250 teljande medlemer ved utgangen av 2026.
- arbeida for å motivera medlemer til å engasjera seg i organisasjonen
- skulera tillitsvalde og fylgja opp lokallaga igjennom både fysiske og digitale tilskipingar
- syta for opplæring av nye verv og god røynsleoverføring i overlappinga til nye lokallagsstyre igjennom fadderordninga
- arbeida med skiping og oppfylging av lokallag med mål om å ha minst 20 aktive lag
- arbeida for at fleire målungdomar sit i fylkes- og lokallagsstyre i Noregs Mållag
- arbeida for fleire lokallag i Trøndelag
- arbeida for eit aktivt studentlag i Tromsø
2.2 Aktivitet
NMU skal:
- gjera seg synlege for medlemene ved å skipa til ulike arrangement og skuleringar
- gjera seg synlege i media og nytta kommunikasjonsstrategien
- arbeida for å skapa robuste lokallag og leggja til rette for at lokallag kan skipa til eigne aktivitetar
- skipa til ei seks veker lang vervekampanje ved skulestart som skal gjera det enklare for lokallaga å verva nye medlemer
- skipa til minst tre fysiske landsstyremøte i perioden
- skipa til innspurtskampanje ved årsskiftet
- dra på verveturné i det nynorske kjerneområdet hausten 2026 for å skipa nye lokallag
2.2.1 Tilskipingar
NMU skal:
- skipa til vinterleir i januar 2027
- skipa til sumarleir sumaren 2027
- hjelpa og stø lokallag som ynskjer å skipa eigne samlingar og tilskipingar
- gje politiske og faglege skuleringar slik at tillitsvalde vert betre i stand til å arbeida for politikken vår
2.2.2 Annan aktivitet
NMU skal:
- hjelpa elevar og studentar som treng det, med å klaga på brot på språklege rettar
- blesta klageportalane ved skulestart og i eksamenstida i samarbeid med lokallaga
- oppmoda andre som arbeider med elev- og studentrettar til å synleggjera språkrettar i kanalane sine
- senda ut flygeblad til alle nynorskbrukarar i 10. klasse i januar med informasjon om språkbyte.
- klaga på brot på språklege reglar og rettar når me kjem over det
- skipa til kampanje i samband med overgang ifrå vidaregåande til universitet, med oppmoding til å halda på nynorsk som hovudmål
- læra opp fleire til å halda målferder og leggja til rette for at lokallaga kan reisa på målferd.
- dela ut Dialektprisen til eit godt dialektføredøme for ungdom.
- syta for at alle lokallag har ein fadder.
- sentralstyret skal stø lokallag som skipar til større hendingar, som til dømes aksjonar.
- vera med på nynorskstafetten til Noregs Mållag.
- SST skal oppdatera relevante styringsdokument i den komande perioden.
- skrivarstova skal ha og fylgja rutinar for å alltid oppdatera nettsida so snart det er naudsynt
3 UTVAL
Norsk Målungdom har fleire utval med konkrete oppgåver.
- Landsstyret skal setja ned eit mandat for bladstyret, som har ansvar for å gje ut og skaffa innkomer til Motmæle. Bladstyret skal gje ut minst tre Motmæle attåt digitalt innhald i perioden.
- Landsstyret skal setja ned ei nemnd for å revidera det politiske programmet "Talemålet og nynorsken".
- Landsstyret skal setja ned ei nemnd for å revidera det politiske programmet "Språk i akademia og høgare utdanning"
- Landsstyret skal setja ned ei nemnd med mål om å kartleggja og byggja nettverk med ungdomspolitikarar frå alle ungdomsparti og -organisasjonar, både på høgre- og venstresida.