Norsk Målungdom

Arbeidsprogram 2021–2022

Vedteke av det digitale landsmøtet 24.–25. april 2021.

INNLEIING

Norsk Målungdom (NMU) skal bruka dette programmet som grunnlag i arbeidet for nynorsk, dialekt og språkmangfald. Organisasjonen skal arbeida politisk og vera med på å utforma den norske språkpolitikken. Organisatorisk skal me arbeida for å verta større og sterkare.

1 POLITISKE PRIORITERINGAR

NMU skal prioritera dei følgjande sakene i den komande perioden. Me skal òg markera standpunkt i og arbeida med andre språkpolitiske saker som vert aktuelle.

1.1 Språk i høgare utdanning

Høgare utdanning er spesielt utsett for domenetap til engelsk, men er ein viktig arena for å styrkja språket vårt. Det akademiske språket i Noreg er i stor grad etablert som bokmål, og det er ein stor mangel på akademisk språk på nynorsk. Universitets- og høgskulesektoren har ei lovfesta plikt til å taka vare på, og utvikla norsk fagspråk. NMU skal:

  • jobba for at denne plikta skal fylgjast opp
  • jobba for å styrkja ordninga med Lærebokutvalet
  • jobba for at nynorsk skal vera tilgjengeleg for alle som vil bruka det i akademia
  • sikra at private utdanningsinstitusjonar skal ha ei lovfest plikt til å gje eksamen på nynorsk i revideringa av Universitets- og høgskulelova
  • jobba for at brot på kravet om 25% bruk av begge skriftspråka i universitets- og høgskulesektoren skal sanksjonerast
  • arbeide for å skapa fokus på rundt desse punkta opp mot stortingsvalet 2021.

1.2 Stortingsval

Hausten 2021 er det stortingsval. NMU skal:

  • fremja språkpolitikk som sak i valkampen
  • nytta argumentasjonsarka for sidemål i arbeidet
  • arbeida med å påverka språkpolitikken i den nye regjeringsplattforma
  • gje medlemar og andre oversyn over språkpolitikken til dei ulike partia

1.3 Språk i skulen

NMU skal:

  • halda fram arbeidet med den nye opplæringslova, og syrgje for at lova tek vare på rettane til brukarar av nynorsk og andre minoritetsspråk

2 ORGANISASJON

For å synleggjera organisasjonen, engasjera medlemar og fremja politikken vår, har NMU desse satsingsområda:

2.1 Utvikling

NMU skal:

  • ha 1 050 teljande medlemar ved årsslutt 2021
  • syrgja for trygge fysiske samlingar når tilrådingane frå styresmaktene knytt til koronasituasjonen tillèt det
  • syrgja for alternative aktivitetar digitalt der fysiske samlingar ikkje er mogleg
  • arbeida for å motivera medlemar til å engasjera seg i organisasjonen
  • arbeida for å skapa robuste lokallag, og leggja til rette for at lokallaga kan skipa til eigne aktivitetar.
  • skulera tillitsvalde og fylgja opp lokallaga
  • syrgja for opplæring av nye verv og god erfaringsoverføring i overlappinga til nye lokallagsstyre
  • bruka kommunikasjonsstrategien til å synleggjera organisasjonen

2.2 Aktivitet

NMU skal:

  • synleggjera seg for medlemmane ved å skipa til ulike arrangement
  • gjere seg synlege i media, samt stø opp om og hjelpa til med lokal aktivitet
  • arrangera vervekampanje med skulestart
  • arrangera innspurtskampanje ved årsskiftet

2.2.1 Tilskipingar og jubileumsaktivitet

NMU skal:

  • arrangera jubileumsfeiring knytt til at NMU fyller 60 år
  • arrangera vinterleir
  • støtte opp om lokallag som ynskjer å arrangera eigne tilskipingar
  • tilby skuleringar på arrangementa, slik at medlemar får ny gjev til å arbeida for politikken vår

2.2.3 Anna aktivitet

NMU skal:

  • hjelpa elevar og studentar som treng det med å klaga på brot på språklege rettar
  • blesta klageportalane ved skulestart og i eksamenstida i samarbeid med lokallaga
  • oppmoda andre som arbeider med elev- og studentrettar til å synleggjera språkrettar i kanalane sine
  • klaga på brot på språklege reglar og rettar når vi kjem over det
  • arbeida for at ungdom lærer meir om den norske språksituasjonen ved å gjennomføra målferdsøkter
  • dela ut Dialektprisen til eit godt dialektføredøme for ungdom

3 UTVAL

Norsk Målungdom har fleire utval som har konkrete oppgåver. NMU skal leggja til rette for at:

  • Landsstyret skal setja ned og konkretisera mandat for bladstyret, som har ansvar for å gjeva ut og skaffa innkomer til Motmæle. Bladstyret skal gjeva ut tre Motmæle i perioden.
  • Soge- og dokumentasjonsnemnda skal sluttføra arbeidet med arkiv og formidling av soga vår i samband med 60-årsjubileet
  • Landsstyret skal setja ned ei nemnd som skal revidera det politiske programmet Fleirspråkleg framtid.