Mellombels arbeidsliste vedteke av det digitale landsmøtet 28. mars 2020.
1 POLITISKE PRIORITERINGAR
I perioden framover skal vi markere oss politisk. Vi skal bruke unntakstilstanden til å gjere folk kjende med NMU og politikken vår. Vi skal spesielt prioritere desse sakene.
1.1 Språk i skulen
NMU skal svare på høyring for framlegg til ny opplæringslov.
Vi skal i tida framover arbeide for at elevane får oppfylt rettane sine, òg når skulen føregår heimanfrå.
Hausten 2020 trer dei nye læreplanane i kraft. Vi skal følgje med på korleis desse blir sette i verk. Vi skal spesielt markere oss og spele på lag med elevar for retten til læremiddel til same tid og pris.
Vi skal oppdatere argumentasjonsarket for sidemål.
Ved eksamenstider og ved skulestart skal vi dele klageportalen og kva rettar ein har som elev.
NMU skal utarbeide enkle digitale ressursar som kan brukast i skulen, t.d. korte videoar om norsk språkhistorie, dialekter, nynorsk osb., tilsvarande eit målferdsopplegg.
1.2 Språk i lovene
- NMU skal halde fram arbeidet med språklova og språkmeldinga. Vi må sørgje for at begge desse tek vare på rettane til brukarar av nynorsk og andre minoritetsspråk. Vi skal delta i høyringa for språkmeldinga, vere synlege i det offentlege ordskiftet og byggje alliansar.
2 ORGANISASJONEN
2.1 Aktivitet
Vi skal ha digitale innleiingar om interessante emne som skal byggje oss som organisasjon medan vi ikkje har høve til å ha tilskipingar.
I oktober skal vi skipe til haustkonferanse i Førde.
Vi skal tilby digital målferd til skular som har fjernundervisning.
2.2 Synleggjering
NMU skal skape merksemd og ordskifte kring dei politiske prioriteringane våre og synleggjere oss sjølv og arbeidet vårt.
Vi skal dele tre innlegg på sosiale medium kvar veke.
Vi skal gi ut minst eitt Motmæle i perioden.
Vi skal oppdatere tekstane på nettsida.
Skrivarstova skal sende ut nyhendebrev på e-post når det er noko nytt å melde om.
Denne perioden skal sentralstyret lage ein kommunikasjonsstrategi.
2.3 Organisasjonsutvikling
Sentralstyret skal hjelpe lokallaga med å finne løysingar for å drive lokalaktivitet i unntakstilstand.
I august/september skal vi ha vervekampanje.
Sentralstyret skal skipe til styreskuleringar, og andre organisatoriske skuleringar for lokallaga. Desse skal vere både fysiske (når det er mogleg) og digitale.
Sentralstyret skal utvikle videoar med informasjon om NMU til nye medlemmar.
Sentrallekken skal leggje til rette for god erfaringsoverføring i overgangar til nye styre i lokallaga. Sentrallekken skal lage eit erfaringsoverføringsdokument som styre som går av, kan nytte.
3 UTVAL
Landsstyret skal setje ned og konkretisere mandat for desse utvala:
Bladstyret har ansvar for å gje ut og skaffe innkomer til Motmæle
Soge og dokumentasjonsnemnda skal halde fram arbeidet med soga vår mot 2021 og jubileum.