Arbeidsliste for november 2020–mars 2021, vedteke av det digitale omframme landsmøtet 14.–15. november 2020.
1 POLITISKE PRIORITERINGAR
I perioden framover skal me markera oss politisk. Me skal bruka unntakstilstanden til å gjera folk kjende med NMU og politikken vår. Me skal spesielt prioritera desse sakene.
1.1 Språk i skulen
- Ved eksamenstider og ved skulestart skal me dela klageportalen og kva rettar ein har som elev og student.
Språk i grunnskulen
Hausten 2020 trer dei nye læreplanane i kraft. Me skal fylgja med på korleis desse vert sette i verk. Me skal spesielt markera oss og spela på lag med elevar for retten til læremiddel til same tid og pris.
Me skal arbeida for at digitale læremiddel skal koma på nynorsk.
Språk i høgare utdanning
Me skal sikra at revideringa av Universitets- og høgskulelova at private utdanningsinstitusjonar skal ha ei lovfesta plikt til å gje eksamen på nynorsk.
Me skal jobba for at universitet og høgskular skal fylgja opp kravet om 25 % bruk av båe målformer i mållova og jobba for at brot på dette skal sanksjonerast.
1.2 Stortingsval 2021
Me skal jobba for å få NMU sin politikk inn i programma til dei politiske partia og ungdomspartia deira.
Fullføra argumentasjonsarka for sidemål, og dela desse med ungdomspartia.
2 ORGANISASJONEN
2.1 Synleggjering
Me skal fylgja opp kommunikasjonsstrategien.
Me skal oppdatera nettsida når det trengst.
Me skal vera synlege i lokale og riksdekkjande medium på NMU sine politiske saker.
Me skal gje ut to Motmæle i perioden.
2.2 Aktivitet
Me skal stimulera til aktivitet i NMU der det ikkje er høve til fysiske tilskipingar.
I perioden skal me skipa til regionale dagsseminar om smittesituasjonen tillèt det, alternativt vil me skipa til digitale seminar.
Me skal tilby digital målferd til skular.
Me skal ha ein innspurtskampanje i desember. Målet for kampanjen er at me skal verta 1100 medlemar.
Me skal reisa på nynorskstafetten i januar/februar.
2.3 Utvikling
Sentralstyret skal hjelpa lokallaga med å finna løysingar for å driva lokalaktivitet i unntakstilstand.
Sentrallekken skal leggja til rette for god erfaringsoverføring i overgangar til nye styre i lokallaga. Sentrallekken skal informera lokallaga om erfaringsoverføringsdokumentet, og oppmoda dei til å nytta seg av dette.
3 UTVAL
Landsstyret skal setja ned og konkretisera mandat for desse utvala:
Bladstyret har ansvar for å gje ut og skaffa innkomer til Motmæle.
Soge- og dokumentasjonsnemnda skal halda fram arbeidet med soga vår mot 2021 og jubileum.
Nemnd for programmet «Talemålet og nynorsken».