Norsk Målungdom

Standard målfararbrev

Tilbod om målferd

Gode norsklærarar!

Kvart år reiser Norsk Målungdom (NMU) på føredragsturné – målferd – til skular over heile landet. No skal vi ut på ein ny runde, og i samband med det lurer vi på om de er interesserte i å ha vitjing av oss. Vi kan tilby målferd til dykk (dato). Vi skal nå over mange skular, og vonar difor denne datoen høver.

Kva er målferd?

Ein målfarartime er eit opplegg der utgangspunktet er den språkstoda vi har her i landet. Målet med timen er å skape ordskifte og refleksjon kring språk, då særskilt språkmangfald og språkleg toleranse. Føredraget inneheld to bolkar: ein bolk der vi tek føre oss språkhaldningar og språkvalsmekanismar, og ein bolk der vi tek føre oss den norske språksoga frå gamalnorsk tid til i dag. Målfarartimen passar både for studiespesialiserande og yrkesfagleg liner.

Organisering

Opplegget er tilpassa ein dobbelttime (90 min), med høve for spørsmål og kommentarar undervegs. Det er som regel mest optimalt å ha éi klasse om gongen, men vi kan vere fleksible både på tid og klassestorleik. Det vi bør ha, er ei tavle å skrive og teikne på, gjerne så stor som mogeleg.

Kven er vi?

NMU er ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag, og arbeider for nynorsk, dialekter og språkmangfald. Vi har fare rundt på skular over heile landet i fleire tiår og halde føredrag i norsktimane. Dei siste åra har vi gjennomført kring 60 skulevitjingar i året.

Førebuing

Det er aldri nokon ulempe å vere budd, men vi forventar ikkje at elevane har særleg kjennskap til stoffet frå før. Opplegget tilpassar vi uansett til kunnskapsnivået i kvar enkelt klasse. Førebuing er difor ikkje naudsynt.

Kostnader

Målfararane våre er ungdomar mellom 18 og 26 år som held føredraga på friviljug basis, og overnattar privat for å halde kostnadene nede. Det hadde vore framifrå om skulen kunne dekkje reisekostnader i samband med reisa, men det er ikkje noko vilkår. Vi sender eit brev etter vitjinga for å høyre om de har høve til å dekkje noko.

Gjere avtale

Om de har spørsmål, kan de ringje 97 34 28 64 eller sende ein e-post til norsk@malungdom.no. Det er fint om de kan ta kontakt med oss så fort som råd og gje oss ei tilbakemelding.

Med von om positivt svar,

Beste helsing

NORSK MÅLUNGDOM