Norsk Målungdom

Sommarleir 2026

Frå 8. til 12. juli 2026 i Gjemnes i Møre og Romsdal
Meld deg på!

Praktisk

Kvar: Nordvestlandet folkehøgskole
Når: 8. til 12. juli 2026
Pris: Måltrostpris: 100 kr ved påmelding før 1. april, 200 kr etter.
Reise: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.

Påmeldingsfrist: 1. juni 2026


Velkomen til sommarleir!
For fyrste gongen på 6 år skipar me til sommarleir. I år skipar me til sommarleir på Nordvestlandet folkehøgskule i Torvikbukt på Nordmøre.

Er du mellom 13 og 30 år og vil læra meir om dialektar, mindretalsspråk og språkpolitikk? På sommarleir får du høve til å bli kjend med andre språkengasjerte ungdomar frå heile Noreg. Lær om korleis du kan bruka di røyst til å påverka avgjerdstakarar i språkpolitikken. Me får besøk frå aktivister frå utlandet som skal læra oss meir om aktivisme i andre språksamfunn frå mellom anna Catalonia, Finland og Skotland.

Du treng ikkje vera medlem for å delta på sommarleir. Du treng berre vera interessert i å læra meir om språk. Få nye innspel og tankar, og lær korleis me saman kan skapa gjennomslag for god språkpolitikk. Me gler oss til å sjå deg!

Kva skjer på sommarleir?:

  • Føredrag frå Erlend Mørch om språk
  • Svenska Finlands Folkting om stoda til finlandssvensk
  • Kurs i lokaldans, nordmørsspringar
  • Innleiing frå Natur og Ungdom om miljø- og målrørsla i EU-kampen
  • Korleis halde målferd?
  • Platekåseri om nynorsk i musikkhistoria
  • Vitjing frå Åse Kristin Ask Bakke, stortingsrepresentant og leiar i Løvebakken Mållag
  • Konsert med Sæmund Helde
  • og mykje meir!

Pakkeliste:

  • Du treng ikkje ta med sengetøy eller handduk, det finst på leirstaden.
  • Det kan vera lurt å ta med sko og tøy som passar til tur. Det vert volleyballkappleik og diskgolf på leirstaden, så det er fint med passande klede til det.
  • Badetøy dersom du vil bada.
  • Det er også fritt fram for å ta med seg ein gitar, ei sekkepipe eller andre kjekke ting for å dra opp stemninga med om kveldane :)

Reiseruter

Merk: Me dekkjer i utgangspunktet berre billegaste reisemåte. Om du vil nytte noko anna, må du avtale det med skrivarstova. Alle veger fører til sommarleir! Informasjon om reiserute kjem.

Dersom du er i tvil om reisemåte, anten det handlar om pris eller noko anna, ta kontakt med skrivar Mari Kaslegard på e-post norsk@malungdom.no eller telefon 97342864.


Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.