Norsk Målungdom

Landsmøte 2019

Frå 29. til 31. mars 2019 i Oslo.

Kom på landsmøtet!

Frå 29. til 31. mars skipar vi til landsmøte for å avgjere kva NMU skal meine og arbeide med i året som kjem.

Vil du vere med? Ta kontakt med lokallaget ditt allereie i dag – utsendingar til landsmøtet vert valde på lokallagsårsmøta. Har du ikkje noko lokallag? Då er du hjarteleg velkomen som observatør, eller du kan høyre om eit anna lokallag har ledig utsendingsplass.

Påmelding

Lokallaga vel normalt utsendingar på årsmøtet (høgsesongen for årsmøte er januar-mars).

Dersom du ikkje har noko lokallag, kan du reise som observatør. Er du usikker på om det er lokallag der du bur, ta kontakt med skrivarstova. NB. Landsmøtet er over, så det gjev ikkje lengre meining å melde seg på.

Her kan du lese landsmøtekunngjeringa.

Praktisk

Kvar: På Ellingsrud skole i Oslo

Når: 29. - 31. mars

Reisedekking: Dei lokallaga som ikkje har monalege inntekter utanom Frifond, kan få dekt reiseutlogene av sentrallekken.

Reiseruter: Ta T-bane nummer 2 austover til stasjonen Ellingsrudåsen. Ta kontakt viss du treng hjelp til å tinge billettar.

Skulen: Skulen ligg 3 minutt unna T-banestasjonen. Merk at vi skal til Ellingsrud skole, ikkje Ellingsrudåsen skole.

Fristar

Siste frist for på- og avmelding var 22. mars.

Dersom du eller lokallaget ditt ynskjer å fremje ei fråsegn til landsmøtet, tek me gjerne imot. De kan lese tips til korleis ein skriv ei fråsegn i Den vesle fråsegnsskulen. Fråsegner må vere skrivarstova i hende seinast torsdag 28. mars kl. 17.00.

Fristen for å levere endringsframlegg til lovene og tufta, og til å fremme saker var 15. februar 2019 klokka 23.59. Denne fristen har altså gått ut.

Saker og køyreplan

I dette heftet kan du lese alle sakspapira. Sakspapira finn du òg eitt og eitt i lenkjene under, i saklista.

Viss du ynskjer å bruke datamaskin under landsmøtet kan det vere lurt å laste ned sakspapira på førehand, får du får ikkje kopla maskina til nettverket på Ellngsrud skole.

Saklista er slik:

LM 19-1 Opning

LM 19-2 Årsmelding 2018–2019

Sentralstyret si innstilling til årsmelding kan du lese her

LM 19-3 Rekneskapen for 2018

Her kan du lese rekneskapen, uttale frå leiinga og revisjonsberetning

LM 19-4 Lovbrigde og endringar i valnemndsføresegnene

LM 19-5 Endringar i Program for språk i skulen

LM 19-6 Endringar i Internasjonalt program

LM 19-7 Arbeidsprogram for 2019–2020 Framlegg til arbeidsprogram kan du lese her

LM 19-8 Budsjettsaker

LM 19-9 Medlemspengesats for 2020

LM 19-10 Leiartalen

LM 19-11 Fråsegner

Fråsegn 1: Norsk som Noregs språk

Fråsegn 2: Elevar og studentar ved privatskular skal også ha språklege rettar

Fråsegn 3: Ein skandinavisk målform-union

Fråsegn 4: Ein norrøn renessanse

Fråsegn 5: Nynorske læremiddel til skulestart 2020!

Fråsegn 6: Mediepolitikk er språkpolitikk

Fråsegn 7: Styrking av nynorsk ved UiA

Fråsegn 8: Meir makt til Språkrådet!

Fråsegn 9: På Stord skriv me saman

Fråsegn 10: Utvid den dialektpolitiske verktykassa

LM 19-12 Økonomisk langtidsplan for 2020–2023

Sentralstyret si innstilling til økonomisk langtidsplan kan du lese her

LM 19-13 Val

Sakspapira gjekk i trykken før landsstyremøtet torsdag kveld. Landsstyret gjorde nokre endringar. Dei kan du lese i dette dokumentet.

Dei opphavlege dokumenta finn du her:

Program for språk i skulen

Internasjonalt program

Lovene

Valnemndsføresegnene

Køyreplanen kan du lese her.

Førebuing

Viss ein er på sitt fyrste landsmøte kan vere mykje å setje seg inn på ein gong. Her er nokre tips til kva du kan lese viss du ønskjer å vere godt budd.

Politiske dokument og styringsdokument, som politiske program, tufta, lovene og fråsegner er dokument det kan vere kjekt å kjenne til før landsmøtet.

På landsmøtet nyttar ein seg av mange ord og uttrykk ein kanskje ikkje nyttar til dagleg. Er du litt usikker på kva eit endringsframlegg er, eller kva det vil seie å brigde noko? Sjekk ut landsmøteordlista

Anten du har vore på mange landsmøte eller skal på ditt fyrste, kan vere ein veldig god ide å skipe til eit landsmøteførebuande møte. Det er alltid bra å diskutere sakene som skal opp på landsmøtet på førehand, anten med andre landsmøteutsendingar, eller med andre i lokallaget ditt. Her kan du lese tips til korleis du kan skipe til eit landsmøteførebuande møte.