Norsk Målungdom

Valnemndsføresegner for Norsk Målungdom

Vedtatte av landsmøtet 3. april 2016, brigda på landsmøtet 31. mars 2019.

  1. Desse føresegnene regulerer arbeidet til valnemnda utover det som er spesifisert i lovene.

  2. Valnemnda blir sett ned av landsmøtet for eitt år av gongen, og konstituerer seg sjølv. Valnemnda skal arbeide og levere frå seg arbeid slik det kjem fram av lovene og desse føresegnene.

  3. Valnemnda har teieplikt om kjenslevare opplysningar og meiningar som kjem fram under valnemndsarbeidet.

  4. Det skal alltid vera minst to valnemndsmedlemer til stades under møte mellom valnemnda og SST- medlemer, eller dei valnemnda vurderer som potensielle SST-medlemer.

  5. Valnemndsmedlemer skal handle i samsvar og samråd med resten av valnemnda og respektere den felles intensjonen til valnemnda.

  6. Medlemer i valnemnda kan ta ut dissens på avgjerslene tekne av valnemnda.

  7. Valnemnda skal ha høve til å få refundert utloger i samband med valnemndsverksemd, og elles fylgje dei økonomiske føresegnene for organisasjonen.

  8. Valnemnda kan melde saker til landsstyremøte.

  9. Medlemer i valnemnda har tale- og framleggsrett på alle landsstyremøte.

  10. Valnemnda skal gi melding om arbeidet sitt på kvart landsstyremøte.

  11. Valnemnda skal gjera offentleg kva verv som er på val, og kva verv det er mogleg stilla til.