Norsk Målungdom

Landsmøteordliste

På eit landsmøte møter vi mange nye ord og omgrep. Her er ei liste over dei, til glede for gamle og nye utsendingar.

Oppslagsord: Forklaring

Absolutt fleirtal: Fleirtal med over helvta av røystene, ogso dei blanke.

Akklamasjon: Å vedta noko ved å klappe for det, til dømes i røystinga.

Brigde: Endring. Til dømes lovbrigde = endringar i lovene.

Diktøskja: Ein boks ved ordstyrarane. Slepp ned eit dikt, ein vits eller anna landsmøtemoro som ordstyrarane les opp.

Endringsframlegg: Framlegg til endring, til dømes til ei fråsegn. Skal skrivast i Google-skjema eller på eige ark før ein gitt frist.

Fråhalden: Når du korkje røystar for eller imot noko.

Fråsegn: Eit politisk utspel. På sidemål: resolusjon.

Fullmaktsnemnda: Eit utval som ser over og godkjenner at dei som har fått røysterett faktisk skal ha det.

Innlegg: Vil du seia noko under møtet kan du teikne deg til eit innlegg. Gjer det ved å halde opp røysteskiltet ditt. Ordstyrarane skriv deg opp og seier frå når det er din tur.

Innstilling: Det endringsframlegget møtenemnda tilrår landsmøtet å røyste for. Ordstyrarane legg «nemndas innstilling til grunn» når me røyster. Dvs. at landsmøtet røyster om dei er samde eller usamde med nemnda si tilråding.

Konsekvensbrigde: Endringar som skjer på grunn av ein annan endring. Som regel er det at paragrafane forskyver seg når ein sett inn ein ny paragraf.

Landsmøteføresegner: Reglane for landsmøtet.

Landsstyret: Det øvste organet i NMU mellom landsmøta. Har fem møter i året, og vedtar mellom anna fråsegner, dialektprisen, og gjer andre fornuftige ting på møte.

LST: Kortform for landsstyret.

Møtebok: Oppritet (referatet) frå landsmøtet.

Møtenemnd: Arbeidsgrupper som går gjennom dei innkomne endringsframlegga, og gjer innstillingar på dei slik at det går askare på søndagen.

Møteskrivar: Dei som sit og skriv møteboka. Dei skriv ned kva vedtak som blir gjort, og kva som blir sagt i ordskiftet.

NMU: Kortform for Norsk Målungdom

Observatør: Deltakarar på landsmøte som ikkje har røysterett. Dei har skilt med ei anna farge, så det er lett å sjå.

Omframt: Oftast i rekneskapen: ting ein ikkje rekna med skulle skje.

Ordstyrar: Dei som styrer ordet og held oversyn over kven som skal prate når.

Replikk: Ein kort kommentar til det som nettopp er blitt sagt.

Røystelikskap: Når det er like mange røyster for og imot.

Røysting: Når ein skal røyste/stemme over noko, til dømes endringar i lovene.

Saksopplysning: Viss det er behov for å komma med oppklaringar i ei sak.

Sentralstyret: Dei som gjer det daglege organisatoriske og politiske arbeidet i NMU. Leiar, nestleiar, skrivar, økonomiansvarleg og vanlege styremedlemar sit i sentralstyret.

Sette- Vikar. Til dømes setteskrivar om ein skrivar ikkje er til stades.

Skrivarstova: Kontoret til NMU og Noregs Mållag i Oslo.

Skriftleg røysting: Røysting, men på små lappar som blir talde opp.

SST: Kortform for sentralstyret.

STA: Samrøystes tilrådd avvist. Møtenemnda er heilt einige i at dei ikkje tilrår landsmøtet å røyste for dette endringsframlegget.

STV: Samrøystes tilrådd vedteke. Møtenemnda er heilt einige i at det er dette endringsframlegget dei tilrår landsmøtet å vedta.

Strek blir sett: Når strek er sett går det ikkje an å teikne seg til fleire innlegg.

Svarreplikk: Ein replikk frå den som hadde innlegg, om nokon teikna seg til replikk på innlegget.

TA: Tilrådd avvist. Her har møtenemnda ikkje vore heilt einige om kva dei skal tilrå møtelyden å røyste mot.

Teljekorps: Folk som skal telja kor mange som røyster for og mot viss det er jamnt.

Til saksførehavinga: Viss ein har innspel til korleis ein skal røyste over ting, teiknar ein seg til saksførehavinga.

Tufta: Det politiske grunnlagsdokumentet, eller prinsipprogrammet.

TV: Tilrådd vedteke. Her har møtenemnda ikkje vore heilt einige om kva dei skal tilrå møtelyden å røyste.

Utsending: Deltakar på landsmøtet som har røysterett.

Valnemnda: Dei som føreslår ut kven som skal sitja i sentral- og landsstyret.

Vanleg fleirtal: Når det er fleire røyster for enn imot. Då tel ein ikkje dei blanke eller fråhaldande røystene.