Norsk Målungdom

Landsmøte 2018

Frå 16. til 18. mars skipar vi til landsmøte for å avgjere kva NMU skal meine og arbeide med i året som kjem.

Vil du vere med? Ta kontakt med lokallaget ditt allereie i dag – utsendingar til landsmøtet vert valde på lokallagsårsmøta. Har du ikkje noko lokallag? Då er du hjarteleg velkomen som observatør, eller du kan høyre om eit anna lokallag har ledig utsendingsplass.

Påmelding

Lokallaga vel normalt utsendingar på årsmøtet (høgsesongen for årsmøte er januar-mars).

Dersom du ikkje har noko lokallag, kan du reise som observatør. Er du usikker på om det er lokallag der du bur, ta kontakt med skrivarstova.

Her kan du lese landsmøtekunngjeringa.

Praktisk

Kvar: På Danvik skole i Drammen

Når: 16. - 18. mars

Reisedekking: Dei lokallaga som ikkje har monalege inntekter utanom Frifond, kan få dekt reiseutlogene av sentrallekken.

Reiseruter: Her kan du sjå framlegg til reiseruter til Danvik skole i Drammen. Ta kontakt viss du treng hjelp til å tinge billettar.

Skulen: Lurer du på korleis du kjem deg frå togstasjonen til skulen kan du ta ein kik på dette kartet.

Fristar

Fristen for å levere endringsframlegg til lovene og tufta, og til å fremme saker var 02. februar 2018. Det er altså ikkje høve til å gjere dette no.

Siste frist for på- og avmelding er sett til fredag 10. mars.

Dersom du eller lokallaget ditt ynskjer å fremje ei fråsegn til landsmøtet, tek me gjerne imot. Fråsegner må vere skrivarstova i hende seinast torsdag 15. mars kl. 17.00.

Førebuing

Viss ein er på sitt fyrste landsmøte kan vere mykje å setje seg inn på ein gong. Her er nokre tips til kva du kan lese viss du ønskjer å vere godt budd.

Politiske dokument og styringsdokument, som politiske program, tufta, lovene og fråsegner er dokument det kan vere kjekt å kjenne til før landsmøtet.

På landsmøtet nyttar ein seg av mange ord og uttrykk ein kanskje ikkje nyttar til dagleg. Er du litt usikker på kva eit endringsframlegg er, eller kva det vil seie å brigde noko? Sjekk ut landsmøteordlista