Norsk Målungdom

Program for Noreg som fleirspråkleg samfunn

Vedteke på landsmøtet i Norsk Målungdom 27.–29. mars 2009 med namnet Noreg som fleirkulturelt samfunn. Brigda på landsmøtet i Norsk Målungdom 21.–23. mars 2014, 16.–18. mars 2018 og 18.–20. mars 2022.

Føreord

I Noreg har me alltid hatt eit mangfald av språk. I det fleirspråklege samfunnet må alle ha rett til å nytta språket sitt, og det må samfunnet og myndigheitene leggja til rette for.

Språk og identitet

Språk er ein viktig del av identiteten vår. Språk deler oss inn i grupper, men kan også gi oss moglegheita til å ta del i nye grupper. Kvart språk har sin eigen måte å sjå røynda på. Eit mangfald av språk gjev oss eit mangfald av perspektiv, og dette mangfaldet er ein styrke for alle i Noreg.

Tilhøyrsle til den norske språkfellesskapen er eit godt utgangspunkt for deltaking i norsk ordskifte, demokrati og kvardag. Det er inga motsetning mellom dette og å ha tilhøyrsle til sitt eige morsmål og språkfellesskap. Norsk Målungdom meiner at alle menneske både må ha rett til å kjenna eige morsmål, anten det er eitt eller fleire, og å få kjenna språka der dei bur.

Norsk i det fleirspråklege samfunnet

Munnleg norsk og skriftspråka nynorsk og bokmål er majoritetsspråk i Noreg. Nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk. For at dette skal bli røyndom, treng nynorsk ekstra støtte, ettersom det er mindre brukt.

Norsk Målungdom meiner at nynorsk er og skal vera eit språk for heile Noreg, og bør difor ikkje meldast inn som regionspråk i Den europeiske pakta om region- og minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta). For å sikre statusen til nynorsk og bokmål må det stå i Grunnlova at nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk i Noreg, og at staten skal taka vare på språka og leggja til rette for at dei utviklar seg.

Dei samiske språka

Dei samiske språka har sterke røter i Noreg, og desse røtene må vi både ta vare på og la seg gro sterkare. Den norske staten prøvde i lang tid å undertrykkja desse språka. Grunna denne fornorskingspolitikken er det i dag mange som ikkje har fått sjansen til å læra språka sine, og alle dei samiske språka er rekna som trua. Dei som har mista arvespråket sitt, må ha høve til å ta det attende.

Seks samiske språk høyrer tradisjonelt heime i Noreg: skoltesamisk, nordsamisk, lulesamisk, pitesamisk, umesamisk og sørsamisk. I dag er nord-, lule- og sørsamisk mest bruka, og det er desse det blir undervist i og på i skulen. Alle dei samiske språka må styrkjast og utviklast, og fleire må få sjansen til å læra dei.

Språka må synleggjerast og bli brukte i alle samanhengar, til dømes gjennom stadnamn, offentleg bruk og i media. Det samiske samfunnet må sjølv få setja premissane for denne styrkinga.

Norsk teiknspråk

Teiknspråk er like fullverdige språk som talespråk, og norsk teiknspråk er ein fullverdig del av det norske språkmangfaldet. Teiknspråklege skal kunne delta i samfunnet på lik linje med talespråklege. Difor må norsk teiknspråk styrkast og utviklast, og retten til å lære teiknspråk må utvidast.

Alle treng å bruka språket sitt i lag med andre. Teiknspråklege arenaar er også viktige for å vareta utviklinga og vidareføringa av norsk teiknspråk. I dag har mange døveskular og andre møteplassar for teiknspråklege blitt nedlagde. Norsk Målungdom meiner at teiknspråklege må få fleire møteplassar der dei er i fleirtal og kan nytta språket sitt.

Språka til dei nasjonale minoritetane

Kvensk, romani og romanes er språk som høyrer til nasjonale minoritetar i Noreg. Etter språklova har offentlege organ ansvar for å verne og fremje desse tre språka. Det må skje i dialog med og på premissane til gruppene det gjeld.

Desse språka har også vore offer for ein fornorskingspolitikk, som gjer at mange i desse gruppene har mista arvespråka sine, og språka er i dag trua. Fleire må få rett og høve til å lære språka, det må liggja føre gratis læremiddel og kurs, og dei må synleggjerast i samfunnet. Kunnskapen om desse språka må aukast i resten av befolkninga.

Norsk Målungdom meiner at kvensk må hevast til nivå 3 i minoritetsspråkpakta. Det vil gje dei fleire rettar og vil stille fleire krav til Noreg sitt vern av det kvenske språket

Andre minoritetsspråk

Vi har mange andre minoritetsspråk i Noreg enn dei som er nemnde i språklova. Brukarane av desse språka må også ha rett til å nytta og utvikla språka sine. I møtet med det offentlege Noreg må dei som treng det, få tilbod om tolketenester, og staten må også kunna nytta desse minoritetsspråka om naudsynt.