Norsk Målungdom

Sidemål

Heilt sidan ordninga med obligatorisk sidemål vart innførd for snart hundre år sidan, har ho vore til irritasjon for nokon, og til glede for andre. Ideen bak innføringa av sidemålet var enkel, men òg på eit vis genial. For å hindra at landet skulle verta språkleg kløyvd, so vart sidemålsundervisninga innførd for at alle skulle kunna lesa og skriva både nynorsk og bokmål. Ei slik ordning er med på å auka språkkunnskapane til folk, samstundes som ho tryggjer det språklege mangfaldet.

Noreg er ikkje åleine om å vera fleirspråkleg. For å tryggja språkmangfaldet ynskjer no forskarar i fleire andre land å innføra sidemålsordningar. Forskning frå Finland syner at finskspråklege elevar som i ung alder får sidemålsundervisning i svensk etter språkbadmetoden faktisk vert flinkare i hovudmålet sitt og lettare lærer framandspråk enn dei som ikkje har hatt slik sidemålsundervisning.

For å tryggja norsk språkmangfald er det viktig at me held fram med, og ikkje minst betrar sidemålsundervisninga. Her har målrørsla vore aktive for å vera med og spreia og utvikla ein ny sidemålspedagogikk tufta på språkbad-metoden.

Er du bokmålselev? Vil du ha betre nynorskundervisning? Her finn du eit lite informasjonshefte du kan skriva ut og gje til norsklæraren din.

Sidemål gjev oss ikkje mindre, men meir språkkunnskap!

Kva er sidemål?

Sidemål er det norske språket me lærer frå ungdomsskulen. Det er bokmål for dei elevane som har nynorsk som hovudmål, og nynorsk for dei elevane som har bokmål som hovudmål. Kvar elev kan sjølv velja kva han vil ha som sidemål og hovudmål uavhengig av kvar i landet eller kva skule han går på.

Læreplanen i Norsk legg vekt på at elevane skal meistra lesing og skriving i ulike sjangrar både på nynorsk og bokmål når dei går ut av skulen. I 2020 vart det vedteke nye læreplanar. Læreplanen i norsk gjer no skilnad på hovudmål og sidemål. I sidemål skal ein bli vurdert snillare, med bakgrunnen i at ein har færre år med opplæring i sidemålet.

1: https://www.udir.no/lk20/nor01-06

Elevar som av ulike årsaker har spesielle språklege utfordringar kan få fritak frå sidemål. Dette gjeld spesielt elevar med eit anna morsmål enn norsk, og elevar med dysleksi eller konsentrasjonsvanskar. Denne ordninga har dei siste åra vorte skjerpa inn.

2: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-23-724/KAPITTEL_5-4#%C2%A73-19

I samiske område gjeld spesielle reglar for at sidemålsordninga ikkje skal koma i vegen for samisk opplæring. Samiskspråklege elevar kan til dømes ha nordsamisk som hovudmål og nynorsk eller bokmål som sidemål.