Norsk Målungdom

Informasjon til føresette

Å senda ungdomen/-ane din(e) avgarde på eiga hand kan kjennast skummelt ut – kanskje særleg fyrste gongen. Me vil understreka at me tek ei rekkje forholdsreglar for at det skal vera trygt å reisa på ei samling i regi av Norsk Målungdom.

  • Me har alltid ansvarlege vaksne tilstades på alle tilskipingar. Det er alltid nokon som er skulerte i fyrstehjelp til stades.

  • Alle som melder seg på ei tilskiping i regi av NMU, får på førehand tilsendt informasjon der det mellom anna vert opplyst kven som har det praktiske ansvaret for tilskipinga, og korleis dei kan kontaktast – både før avreise og undervegs.

  • På tilskipingane våre får nokon i sentralleddet delegert ansvar som kontaktperson for deltakarane, i fall nokon skulle ha behov for å snakka med nokon eller spørja om noko særskilt.

  • Me har absolutt alkoholforbod på alle tilskipingar.

  • Når fleire frå same område skal reisa på den same tilskipinga, prøver me å organisera felles avreise så langt det passar for dei enkelte deltakarane.

  • Me organiserer sovesalane slik at deltakarane sjølv kan velja om dei vil sova på blanda rom eller på reine gute-/jenterom. Me fordeler sentrale ansvarspersonar på kvart rom.

  • Me har alltid med oss bil på tilskipingane våre, mellom anna i fall det skulle oppstå behov for å frakta nokon raskt til legevakt eller liknande.

  • Før ei komande tilskiping går me gjennom og fyller ut ein standard vernebuingsplan som er til for å minimera sannsynet for at alvorlege situasjonar skal oppstå, og samstundes fungera som ein handlingsplan i fall noko alvorleg skulle skje.

Dersom det er noko du lurer på som du ikkje fekk svar på her, så oppmodar me deg om å kontakta oss (97 34 28 64 / norsk@malungdom.no / kontakt).