Norsk Målungdom

Jubileumssamling

Frå 1. til 3. oktober 2021 skipar vi til jubileumssamling i Oslo!

Vi feirar 60 år!

Jubileumssamling

Om tilskipinga

⭐️Norsk Målungdom blir 60 år og vi feirar med å invitere alle medlemmar til Jubileumssamling. ⭐️

Det blir ei tilskiping som alle andre tilskipingar, med fagleg påfyll, loddtrekking og kviss. I tillegg skal vi feire 60 år med ungdom som kjempar for nynorsk, dialekt og språkmangfald.

Det heile vil gå føre på Scandic hotell Lillestrøm, så her kan ein kjenne på luksuskjensla samstundes som ein får fylt hovudet med målsak og hjarta med nye venar i Norsk Målungdom.

Program og meir info er rett rundt hjørnet!

Vi betalar for reise, overnatting og mat. Det er ikkje lenger mogleg å melde seg på samlinga. Gler oss til å sjå deg på det som berre må bli det store høgdepunktet i 2021! 🥳🙌

Praktisk

Kor: Scandic hotell Lillestrøm

Når: 1.–3. oktober.

Reisedekking: Vi betalar reisa til alle som kjem på samlinga.

Program

Fredag

18.30: Velkomen
19.30: Mat
Utover kvelden: kviss og sosial

Laurdag

10.00: 60 år på 60 minutt / Bannermåling
11.30: Soge og dokumentasjonarbeidet
13.00: Lunsj
14.00: Opplæringslova – Kvifor og korleis?
15.30: Songhefte / Samepolitikk
17:00: Pause
19.00: Festmiddag

Søndag

10.00: Nynorskambassadør: mannen på gata, media og politikk
11.00: Pakk ned rom
11.30: Fagspråk / Bannermåling 2.0
12.30: Avslutting
13.00: Lunsj

Reiseruter

Du kan ordne reise sjølv, eller du kan spørje oss om hjelp. Send ein e-post til norsk@malungdom.no.

Meld frå om kva tid du kjem!

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre og føresette er litt redde for å sende ungdomane sine av garde aleine. Difor har vi laga eit informasjonsskriv til føresette, slik at dei kan kjenne seg tryggare.