Norsk Målungdom

Omframt landsmøte 2020

13. - 14. november skipar vi til omframt landsmøte på Thon Hotel Oslo Airport. I vår vart det ordinære landsmøte digitalt, difor held vi no eit omframt landsmøte for å ta opp sakene som ikkje vart handsama der.

Kom på landsmøtet!

Frå 14. til 15. november skipar vi til omframt landsmøte for å avgjere kva NMU skal meine og arbeide med fram til landsmøte i 2021.

Vil du vere med? Ta kontakt med lokallaget ditt – utsendingar til landsmøtet vert valde på medlemsmøte i lokallaget.

Påmelding

Når lokallaget ditt har valt deg som utsending kjem vi til å sende deg ei påmelding du må fylle ut.

Praktisk

Kvar: Thon Hotel Oslo Airport, Jessheim

Når: 14. - 15. november

Reisedekking: Vi betalar reisa for deg. Om du vil at vi skal bestille også, send ein e-post til norsk@malungdom.no.

Reiseruter: For dei fleste er det berre å kome seg til Oslo lufthamn, derfrå tek du buss 420 til Gardermoen Næringspark.

Fristar

Ein må levere utsendingsskjema og fylle ut påmeldinga før 28. oktober.

Dersom du eller lokallaget ditt ynskjer å fremje ei fråsegn til landsmøtet, tek me gjerne imot. De kan lese tips til korleis ein skriv ei fråsegn i Den vesle fråsegnsskulen. Send fråsegna til norsk@malungdom.no.

Ein kan ikkje levere endringsframlegg til lovene og tufta, eller fremje andre saker

Saker og køyreplan

Fleire av sakene skal bli handsama av landsstyret før det omframme landsmøte, framlegga kan soleis bli endra. Dette finn du informasjon om i sakspapiret.

Her finn du køyreplanen.

Saklista er slik:

LM 20-1 Opning

LM 20-3 Lov- og føresegnsbrigde

LM 20-4 Val

LM 20-5 Leiartala

LM 20-8 Arbeidsprogram for 2020–2021

Framlegg til arbeidsprogram kan du lese her. Framlegget er frå nemnda, og skal også gjennom landsstyret før omframt landsmøte

LM 20-9 Budsjettsaker

Framlegg til budsjett er ikkje klart endå, men kjem på plass snart

LM 20-10 Fråsegner

Dei opphavlege dokumenta finn du her:

Lovene

Styreføresegnene

Førebuing

Viss ein er på sitt fyrste landsmøte kan vere mykje å setje seg inn på ein gong. Her er nokre tips til kva du kan lese viss du ønskjer å vere godt budd.

Politiske dokument og styringsdokument, som politiske program, tufta, lovene og fråsegner er dokument det kan vere kjekt å kjenne til før landsmøtet.

På landsmøtet nyttar ein seg av mange ord og uttrykk ein kanskje ikkje nyttar til dagleg. Er du litt usikker på kva eit endringsframlegg er, eller kva det vil seie å brigde noko? Sjekk ut landsmøteordlista

Anten du har vore på mange landsmøte eller skal på ditt fyrste, kan vere ein veldig god ide å skipe til eit landsmøteførebuande møte. Det er alltid bra å diskutere sakene som skal opp på landsmøtet på førehand, anten med andre landsmøteutsendingar, eller med andre i lokallaget ditt. Her kan du lese tips til korleis du kan skipe til eit landsmøteførebuande møte.