Norsk Målungdom

Landsmøte 2020

Landsmøtet i Norsk Målungdom blir digitalt.

Det fysiske landsmøtet er avlyst, men det blir eit digitalt landsmøte laurdag 28. mars 10.30-14.15. Det blir eit omframt landsmøte når me får lov å samla folk igjen.

Alle som er valt som utsending frå eit lokallag har fått e-post om korleis det digitale landsmøtet kjem til å fungera.

Kom på landsmøtet!

Frå 27. til 29. mars skipar vi til landsmøte for å avgjere kva NMU skal meine og arbeide med i året som kjem. Her kan du lese landsmøtekunngjeringa.

Vil du vere med? Ta kontakt med lokallaget ditt allereie i dag – utsendingar til landsmøtet vert valde på lokallagsårsmøta. Har du ikkje noko lokallag? Då er du hjarteleg velkomen som observatør, eller du kan høyre om eit anna lokallag har ledig utsendingsplass.

Påmelding

Lokallaga vel normalt utsendingar på årsmøtet (høgsesongen for årsmøte er januar-mars). Er du vald som utsending kan du melde deg på her.

Dersom du ikkje har noko lokallag, kan du reise som observatør. Er du usikker på om det er lokallag der du bur, ta kontakt med skrivarstova.

Praktisk

Kvar: Ås ungdomsskole

Når: 27. - 29. mars

Reisedekking: Dei lokallaga som ikkje har monalege inntekter utanom Frifond, kan få dekt reiseutlogene av sentrallekken.

Reiseruter: Etter at du har kome deg til Oslo tar du tog frå Oslo S til Ås stasjon. Skulen ligg 10 minutt unna togstasjonen. Ta kontakt viss du treng hjelp til å tinge billettar.

Fristar

Siste frist for på- og avmelding har gått ut.

Dersom du eller lokallaget ditt ynskjer å fremje ei fråsegn til landsmøtet, tek me gjerne imot. De kan lese tips til korleis ein skriv ei fråsegn i Den vesle fråsegnsskulen. Send fråsegna til norsk@malungdom.no innan har gått ut.

Fristen for å levere endringsframlegg til lovene og tufta, og til å fremme saker har gått ut.

Saker og køyreplan

Du finn dei fleste sakspapira under. Dei som manglar kjem når dei er klar. Nokre av sakspapira kan bli endra før landsmøtet. Der det er aktuelt er det presisert i sakspapiret.

Her finn du køyreplanen.

Saklista er slik:

LM 20-1 Opning

LM 20-2 Årsmelding 2019–2020

Sentralstyret har ikkje vedteke årsmeldinga enda. Når det er gjort, vil den blir lagt ut her.

LM 20-3 Lov- og føresegnsbrigde

LM 20-4 Val

LM 20-5 Leiartala

LM 20-6 Rekneskapen for 2019

Sentralstyret har ikkje vedteke rekneskapen enda. Når det er gjort, blir den lagt ut her.

LM 20-7 Program for språk i akademia og høgare utdanning

Framlegg til Program for språk i akademia og høgare utdanning kan du lese her.

LM 20-8 Arbeidsprogram for 2020–2021

Framlegg til arbeidsprogram kan du lese her.

LM 20-9 Budsjettsaker

LM 20-10 Fråsegner

LM 20-11 Innkomne framlegg til endringar i tuft og program

LM 20-12 Medlemspengesats for 2021

Dei opphavlege dokumenta finn du her:

Lovene

Styreføresegnene

Tufta

Program for språk i skulen

Førebuing

Viss ein er på sitt fyrste landsmøte kan vere mykje å setje seg inn på ein gong. Her er nokre tips til kva du kan lese viss du ønskjer å vere godt budd.

Politiske dokument og styringsdokument, som politiske program, tufta, lovene og fråsegner er dokument det kan vere kjekt å kjenne til før landsmøtet.

På landsmøtet nyttar ein seg av mange ord og uttrykk ein kanskje ikkje nyttar til dagleg. Er du litt usikker på kva eit endringsframlegg er, eller kva det vil seie å brigde noko? Sjekk ut landsmøteordlista

Anten du har vore på mange landsmøte eller skal på ditt fyrste, kan vere ein veldig god ide å skipe til eit landsmøteførebuande møte. Det er alltid bra å diskutere sakene som skal opp på landsmøtet på førehand, anten med andre landsmøteutsendingar, eller med andre i lokallaget ditt. Her kan du lese tips til korleis du kan skipe til eit landsmøteførebuande møte.