Norsk Målungdom

Haustseminar

Denne hausten skipar vi til haustseminar i Oslo (3. oktober), Trondheim (10. oktober) og Ørsta (24. oktober). På seminara vil du både få fagleg påfyll, innleiingar med lokal tilknyting og hyggelege folk!

Program

Program for seminaret i Ørsta

Program, haustseminar i Ørsta

Program for seminaret i Trondheim

Program, haustseminar i Trondheim

Program for seminaret i Oslo

Program, haustseminar i Oslo

Påmelding

Haustseminara er over for i år, og det er ikkje mogleg å melde seg på.

Praktisk

Tørre fakta

Oslo: 3. oktober, Mariboes gate 13

Trondheim: 10. oktober, Thon hotell Prinsen

Ørsta: 24. oktober, Ivar Aasen-tunet

Pris: Gratis!

Reisedekking: Vi kostar billegaste reiseveg for alle som kjem. Ta kontakt om du lyt reise med fly eller ikkje-billegaste reiseveg. Vi tek sosiale omsyn.
Skal du reise så langt at det ikkje er mogleg å reise fram og tilbake same dag, kostar vi også overnatting.

Reiseruter

Ta kontakt om du tykkjer det er vanskeleg å finne ein passande reiserute. Dei fleste vil finne ei høvande reiserute på nettsida til reiseplanleggjaren Entur. (https://en-tur.no/).

Seminara startar rundt klokka 12.00, så det skal vere fint mogleg å reise til staden same dag. Vi avsluttar rundt klokka 18.00, så det kan vere du også greier reise heimatt same dag.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.