Norsk Målungdom

Haustkonferanse: Nynorske talent

Er du eit nynorsk talent, eller vil du bli eit? Kom på haustkonferansen i Bergen! Her får du lære korleis du kan gjere ein skilnad for nynorsken, dialektene og språkmangfaldet.

Program

Fredag
15.00: Innsjekk
16.00: Brødmat
16.30: Opning
17.00: Fellesinnleiing. Innleiar kjem.
18.15: Parallelle punkt:
Korleis skrive eit godt lesarbrev? v/Morten Myksvoll, kommentator i Bergens Tidende
Innleiing kjem.
19.45: Middag

Laurdag
09.00: Frukost
10.00: Parallelle punkt:
Korleis og korfor påverke politikken? v/Peder Lofnes Hauge, nestleiar i Noregs Mållag
Kurs i styrearbeid v/Diego Vaula Foss, politisk rådgjevar i LNU
11.30: Den språkpolitiske stoda v/Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum
13.00: Lønsj
13.45: Parallelle punkt:
Korleis ta gode bilete til Instagram? v/Anna Sofie Ekeland Valvatne, tidlegare lokallagsskrivar i Norsk Målungdom
Lesarbrevverkstad
16.30: Brødmat
17.00: Lovleg, nynorsk og ungdom v/Kjersti Wøien Håland, manusforfattar for Lovleg
18.15: Sofasamtale med Kjersti Wøien Håland og JON OLAV
19.00: Konsert med JON OLAV
Etterpå: Middag

Søndag
09.00: Frukost
10.00: Parallelle punkt:
Korleis bli ein god leiar? v/Åshild Mongstad, høgskolelektor og forfattar
Korleis leggje fram saka si?
11.30: Innleiar kjem.
13.00: Appell v/Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom
Etterpå: Lønsj og pakking

Påmelding

Ferdig.

Praktisk

Tørre fakta

Kvar: St. Paul skole i Bergen

Når: 27. - 29. september

Pris: 500,- for studentar og 400,- for elevar

Reisedekking: Me kostar billegaste reiseveg for alle som kjem på leiren. Ta kontakt om du lyt reise med fly eller ikkje-billegaste reiseveg. Me tek sosiale omsyn.

Pakkeliste:

  • sovepose
  • liggjeunderlag/luftmadrass
  • toalettsaker
  • handkle

Reiseruter

Ta kontakt om du tykkjer det er vanskeleg å finne ein passande reiserute. Dei fleste vil finne ei høvande reiserute til Bergen på nettsida til reiseplanleggjaren Entur. (https://en-tur.no/).

Samlinga startar 16.30, og det er lurt å vere der omlag ein time før for å få mat og praktisk informasjon. Samlinga sluttar 13.00 på sundagen.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.