Norsk Målungdom

Vinterleiren 2018

Frå 19. til 21. januar

Program

Fredag

16:00
Innsjekk og enkel servering
17:00
Natursti v/ Nikolai Krohne
18:30
Velkomen til Bø v/ Bø Mållag (Hans Christian Deilhaug)
18:45
Nynorsk myteknusar v/ Anna Sofie Valvatne
20:00
Middag
Etterpå
Verte-kjende-leikar v/ Henrikke M. F.

Laurdag

09:00
Frukost m/ nistesmøring
10:00
Parallelle punkt:
Skitur v/ Mona Helle
Strikkeverkstad v/ Ingunn Steinsvåg
Brettspelorama v/ Svein Eggerud
13:00
Lunsj
14:00
Stoda for nynorsk og dialekt på Bø v/ Margit Ims
15:30
Slåttespel v/ Knut Buen
17:00
Parallelle punkt:
Dansk som eit verdsspråk v/ Håkon Remøy
Klage på mållovsbrot v/ Fredrik Hope
Songheftet minutt for minutt v/ Elise Tørring
18:30
Middag
19:45
Kviss v/ Sindre Seim Guldbrandsen
Loddtrekking<br

Søndag

09:00
Frukost
10:00
Parallelle punkt:
Sjøormen i Seljordsvatnet v/ Eline Bjørke
Nynorsk og hersketeknikkar v/ Ragnhild Kvifte
11:30
Kva er Vinjesenteret? v/ Kristian W. Rantala
13:00
Appell v/ Fredrik Hope
13:15
Lunsj m/ nistesmøring, pakk, farvel og avreise

Påmelding

Ferdig.

Praktisk

Tørre fakta

Kvar: Jønnbu Fjellkyrkje og Ungdomssenter (Bø i Telemark)

Når: 19. til 21. januar

Pris: 400 kroner før 19. januar, 600 kroner etter

Reisedekking: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.

Pakkeliste:

  • sovepose
  • toalettsaker
  • handkle
  • varme klede
  • ski, viss du vil gå på ski

Reiseruter

I år skal vinterleiren vere i Bø i Telemark.

Val av transportmiddel: Det enklaste og billegaste for dei som bur i nærleiken av ei togline, er å ta toget. Elles går det det ein del bussar til Bø. Ein måte å løyse reiseruta på, er å kome seg til ein litt større by, for så å kome seg vidare til Telemark. Tek du buss eller tog, tilrår me å kjøpa tur-retur-billett – då får du ofte betre pris. Akkurat no ligg det ute ein del miniprisbillettar hjå nsb.no. Ting billettar så tidleg som mogleg.

For folk som bur verkeleg langt vekke frå Bø (Nord-Noreg, til dømes), kan det henda fly er einaste fornuftige reisemåte mtp. tidsbruk og reisebelastning. Ved bruk av fly tilrår me å kryssjekka prisar på Widerøe, SAS og Norwegian. For Widerøe/SAS er det lurt å sjekka både ungdomspris og billegaste vaksenpris. Det varierer frå avgang til avgang kva for ein av desse som er billegast (hja Norwegian kan du nytte koda UNDER26 for å få ungdomsbillett). Merk: Me dekkjer i utgangspunktet ikkje fly frå andre stader i Sør-Noreg – det må i så fall avtalast med oss på førehand. Du kan eventuelt få refundert tilsvarande billegaste reisemåte, og ta mellomlegget sjølv.

Dersom du er i tvil om reisemåte, anten det handlar om pris eller noko anna, ta kontakt med praktisk ansvarleg Elise Tørring på telefon 99481704 eller e-post elise@nynorsk.no.

Reise Oslo — Bø: Tog Buss

Reise Bergen—Bø: Tog Evt. kan ein ta fly til Oslo og tog eller buss vidare til Bø derfrå. Sjå då under Oslo.

Reise Trondheim — Bø: Tog

Reise Kristiansand — Bø: Tog

Reise Sogndal—Bø: Ta buss, evt. fly til Oslo og tog eller buss til Bø. Sjå då under Oslo.

Reise Stavanger—Bø: Tog

Tromsø—Bø: Ta fly til Oslo og tog eller til Bø.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.