Norsk Målungdom

Sumarleir 2018

3. til 8. juli er det klar for sumarleir i Søgne! Språkpolitikk, fotballkurs, bading, gode ordskifte og kjekke folk ventar deg. Bli med!

Påmelding

Påmelding er lukka.

Praktisk

Kvar: Tangvall skole i Søgne på Agder

Når: 3. til 8. juli.

Pris: 600 viss du betaler før 3. juli, 800 etter

Reisedekking: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.

Pakkeliste:

  • sovepose
  • liggjeunderlag/luftmadrass
  • toalettsaker
  • handkle
  • passande klede til fotballturnering
  • passande finklede til festen på laurdag
  • badetøy dersom du vil bade
  • gitar, ei sekkepipe eller eit anna instrument til melodikappleiken

Reiseruter

Alle vegar fører til sumarleir!

Viss du kjem med fly: Fly til Kristiansand lufthamn Kjevik (eller til Oslo og ta buss eller tog vidare) Viss du kjem med tog: Gå av på Nodeland stasjon Viss du kjem med buss: Gå av i Søgne

Meld frå om kva tid du kjem, så hentar vi deg på flyplassen/stasjonen/haldeplassen.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.

Les meir om sumarleiren og trykk deltek på facebookhendinga.

Program

Sjå programmet i fullversjon her.

I tillegg til fotballturnering, melodikappleik og ei utflukt til Kristiansand, kan du høyre desse innleiingane på sumarleir:

  • Borghild Løver (reiseskrivar i Mållaga på Agder) om språk på Agder
  • Maria Sture (tidlegare leiar i NMU) om fagspråk
  • Gunnhild Skjold (påtroppande nestleiar i NMU) om lokallagsaktivisme
  • Bernt Wu (leiar i Noregs Blindeforbund Ungdom) om å inkludere blinde og svaksynte i språksamfunnet
  • Mona Skatteboe Helle (landsstyremeldem i NMU og fotballspelar) med fotballkurs
  • Fredrik Hope (leiar i NMU) om språklovgjeving
  • Åsmund M. Kvifte (sentralstyremedlem i NMU) om språklege menneskerettar
  • Eline Bjørke (skrivar i NMU) om kampanjen Oppdater
  • Natur og Ungdom om aksjonisme og bannermaling
  • Ingunn V. Steinsvåg (landsstyremedlem i NMU og strikkar) om norsk ull og strikking
  • Svein S. Eggerud (sentralstyremedlem i NMU) med målferd
  • Piotr Garbacz (instituttleiar for institutt for lingvistiske og nordiske studier ved UiO) med to innleiingar: om Elvdalsk, og om skilnadar i dialekttilhøva i det norske og det polske språksamfunnet
  • Anna Rekdal (landsstyremedlem i NMU og attendekomen utvekslingsstudent i Korea) om språk i Korea.
  • Jardar Dahlstrøm (organisatorisk nestleiar i Dysleksi Ungdom) om korleis vi betre kan inkludere nynorskbrukarar som har dysleksi eller språkvanskar
  • Elise Tørring (nestleiar i NMU og lærarstudent) om nynorsken i læreplanen
  • Anna Sofie Ekeland Valvatne (lokallagsskrivar i NMU) med to innleiingar: om å verve, og debattskulering
  • Vebjørn Sture (tidlegare leiar i NMU) om å vinne sidemålsstrid