Norsk Målungdom

Vinterleiren 2017

Vinterens kva-skjer er Norsk Målungdom sin vinterleir på Kvam i Gudbrandsdalen! Sett av 13.-15. januar til ei kjekk helg med nynorsk, nysnø og nye vener.

Ski og skulering, kos og kakao, hen og nynorsk i NRK – og mykje anna står på programmet. Sjå heile programmet på boten av sida!

Kort om leiren

  • Kvam i Nord-Fron, Oppland
  • 13.–15. januar
  • 300 kr før leiren,
  • 400 kr om du betaler på eller etter leiren
  • Me betaler rimlegaste, fornuftige reiseveg

Reiseruter

Lurer du på korleis du skal reisa? Me har laga eit reiseoversyn, slik at du lett kan koma fram til Kvam. Ta kontakt med praktisk ansvarleg Kine Gjertrud Svori (478 73 705 / kine@nynorsk.no) om du lurer på noko.

Praktisk

Du gjer lurt i å ta med sovepose og det du treng av toalettsaker. I tillegg må du hugse ski og varme klede om du skal ut på tur eller i bakken. Meir informasjon får du på e-post når du melder deg på.

Om du lurer på noko om det eller noko er det berre å ta kontakt.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.

Meld deg på

Leien er over. So det gjev ikkje meining å melda deg på lengre. Kom på neste vinterleir i 2018!

Program for vinterleiren 2017

Fredag

16:00
Innsjekking og enkel servering
17:00
Natursti v/ Fron Målungdom
Me byrjar leiren med ein lærerik rundtur ut i snøen!
18:30
Om Kvam: Krig, flaum og kultur v/ lektor og kvamvær Arild Teigen
Etter ei god økt ute i frisk austlandsvinter er det godt å koma inn i varmen, setja seg ned og læra noko nytt om staden me er på. Kvam i Gudbrandsdalen har ei dramatisk historie: Her stod nokon av dei hardaste kampane i Sør-Noreg under 2. verdskrigen, og flaum har mange gonger gjort stor skade. Samstundes er Kvam ein stad med gamal bondekultur, og kjendisar som Peer Gynt og Olav den heilage skal visstnok koma her i frå. Og korleis kom nynorsken til Kvam?
19:45
Middag
Etterpå: Verte-kjende-leikar

Laurdag

09:00
Frukost
10:00
Parallelle punkt. Vel mellom:
  • Skitur
    Me spenner på oss skia og testar løypenettet på Kvam!
  • Handarbeid: Bokbinding og filting v/ skrivar Kirsti Lunde og leiar Synnøve Marie Sætre
    Likar du å lage ting sjølv? Då bør du koma på helgas handarbeidspunkt! Du kan velja mellom filting eller bokbinding. Filting er ein teknikk der ein brukar ei nål til å forma ulla slik ein vil, til dømes til figurar eller gryteunderlag. I bokbindinga lagar me eigne notatbøker med finfint omslag. Garantert kos og moro!
  • Nynorsk film v/ leiar i Studentmållaget i Tromsø, Gunnhild Skjold
    Noregwood har enno ikkje vorte eit omgrep i den internasjonale filmverda, men under overflata skjer eit og anna. Filmelskar Gunnhild tek oss med inn i den norske og nynorske filmverda!
13:00
Lunsj
14:00
Kvar er du, hen? v/ forfattar og aktivist Kristin Fridtun
Dei siste åra har ordet hen vekt debatt og sterke kjensler. Kva er det hen gjer, som få andre ord gjer? Og korleis er stoda for ordet i skrivande stund? Forfattar og aktivist Kristin Fridtun teiknar og fortel.
15:30
Skulering: Kvifor bør fleire skrive nynorsk? v/ målkvinne og fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Volda Gudrun Kløve Juuhl
Sidan nynorsken vart til, har det vore eit stort spørsmål målrørsla har krangla om: Kvifor skal folk skriva nynorsk? Kva argumentasjon skal me nytta til å få folk til å velja nynorsk, og ikkje dansk, bokmål eller engelsk? Gudrun Kløve Juuhl er tidlegare leiar i Norsk Målungdom, og kjem for å skulera oss og setja i gang ordskiftet.
17:00
Parallelle punkt. Vel mellom:
  • Rock og sandjord – geologien i Gudbrandsdalen v/ 1. vara til sentralstyret og jordvitar Åsmund M. Kvifte
    Stein er ikkje berre stein, og geologien i Gudbrandsdalen er mangfaldig: Åsmund tek oss med gjennom kløfter og knausar, fjell og flaum for å syna kvifor Gudbrandsdalen ser ut som han gjer.
  • Korleis verte årets lokallag? Tips og triks v/ reiseskrivar Hannah Kolås
    Jo meir fyr og fart det er i lokallaga i Norsk Målungdom, jo meir nynorsk, dialekt og språkmangfald vert det. Men lokallagskvardagen er ikkje berre ein fest med mozell og vaflar – det kan stundom vera eit og anna ein treng hjelp til. Reiseskrivar Hannah har jobba eit halvt år med dette og  fortel løyndomen: Kva som skal til for å få til eit lokallag, og korleis få det til å skina?
  • Språket som styrer dataen din v/ landsstyremedlem Fredrik Vonheim Heimsæter
    Programeringsspråk vert sjeldan høyrt, men vert brukt i kvar ein data verda over. For om datamaskiner kanskje er smarte, er dei ikkje smarte nok til å tolka vanleg menneskespråk. IT-student Fredrik lærer oss meir om programeringspråk og korleis me ikkje kan klara oss utan.
18:30
Middag
Etterpå: Kveldssete, loddtrekning og kviss v/ Firda Målungdom

Sundag

09:00
Frukost
10:00
Korleis få meir nynorsk i NRK? v/ leiar i språkstyret i NRK, Inger Johanne Solli
Korleis skal NRK levera godt stoff på nynorsk i framtida? Alle veit at NRK skal ha 25 prosent nynorsk, men får dei det til? NRK lagar no ein plan for nynorskarbeidet sitt, og leiaren i språkstyret deira kjem for å fortelja om planen og kva tiltak NRK skal setja i verk for å nå målet.
11:30
Parallelle punkt. Vel mellom:
  • Studentmållag i hundre – hundre år med nynorsk i Trondheim v/ leiar og kasserar i Studentmållaget i Nidaros,  Eline Bjørke og Daniel F. Moen
    Nett som nynorsken høyrer heime i heile landet, finst det lokallag i heile landet. Eit av dei eldste er Studentmållaget i Nidaros, som i hundre år har stått på i kampen for nynorsk i Trøndelag og landet elles. SmiN fortel om korleis det er å fylla hundre, og kjem med glimt både frå jubileet og soga til laget.
  • Historia til Elevorganisasjonen v/ organisatorisk nestleiar i Elevorganisasjonen, Ragnhild B. Vassbotn
    Elevorganisasjonen har 400 medlemsskular over heile landet, og kan å laga bråk for å fremja elevane si sak. Men korleis arbeider dei og korleis har dei vorte den organisasjonen dei er i dag? Kva kan me og EO samarbeide om?
  • Ja, de' penga': Korleis styre lokallagskassa v/ økonomisk ansvarleg Hans Rasmus Glomsrud
    Utan pengar vert det ikkje meir nynorsk, og det å styra pengane i eit lokallag kan by på utfordringar. Difor vil Hans Rasmus gje nye og gamle lokallagskasserarar tips og triks som kan hjelpa dei med å skaffa pengar og halda orden i kassaskrinet.
12:45
Appell v/ leiar Synnøve Marie Sætre
Leiar Synnøve avsluttar leiren og gjev oss nokre kveikande ord på heimvegen.
12:50
Lunsj, pakking, farvel og avreise

Med atterhald om endringar