Norsk Målungdom

Sumarleir 2017

4. til 9. juli er det klar for årets sumarleir! I år skal me vere i Elverum i Hedmark fylke. Språkpolitikk, fotballkurs, bading, gode ordskifte og kjekke folk ventar deg. Bli med!

Påmelding

Leien er over. So det gjev ikkje meining å melda deg på lengre. Kom på neste sumarleir i 2018!

Praktisk

Tørre fakta

Kvar: Hanstad barne- og ungdomsskule i Elverum

Når: 4. til 9. juli.

Pris: Leiren kostar 700 kr, men berre 600 kr dersom du betaler før 4. juli.

Reisedekking: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.

Pakkeliste:

  • sovepose
  • liggjeunderlag/luftmadrass
  • toalettsaker
  • handkle
  • passande klede til morgonyoga og fotballturnering
  • passande finklede til festen på laurdag
  • badetøy dersom du vil bade
  • gitar, ei sekkepipe eller eit anna instrument til melodikappleiken

Reiseruter

Lurer du på korleis du skal kome deg til sumarleiren? Her finn du eit oversyn over korleis ein lettast mogleg kjem seg til leiren.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.