Norsk Målungdom

Haustkonferansen 2017: Nynorsk myteknusar

Mange trur mykje om nynorsk, og mykje av det dei trur er feil. Difor skipar Norsk Målungdom til kampanjen «Nynorsk myteknusar», og haustkonferansen er fyrste del av kampanjen. Kom på haustkonferanse og knus nynorskmyter saman med kjekke målungdomar frå heile landet.

Program

Trykk her for å sjå det spanande programmet i stor versjon.

Påmelding

Haustkonferansen 2017 er over, så det gjev ikkje meining å melde seg på.

Praktisk

Tørre fakta

Kvar: Åssiden skole i Drammen

Når: 29. september til 1. oktober

Pris: 400 kroner viss du betalar før 29. september, 600 kroner viss du betaler etter

Reisedekking: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.

Pakkeliste:

  • sovepose
  • liggjeunderlag/luftmadrass
  • toalettsaker
  • handkle

Reiseruter

Lurer du på korleis du kan kome deg til haustkonferansen? Her ligg det framlegg til reiseruter til og frå Drammen.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.