Norsk Målungdom

Velkomen til Norsk Målungdom

Bli medlem! ♥

Kven er me?

Me er ein landsdekkjande ungdomsorganisasjon som jobbar for nynorsk, dialektar og språkmangfald.

Me arbeider for at alle skal ha høve og rett til å skrive nynorsk, for å take vare på det språklege mangfaldet og å styrkje dei språklege rettane.

Me har rundt 1500 medlemar og har lokallag over heile landet. Bli med i eitt av dei i dag!

Kva meiner me?

Språk i skulen

Me arbeider for å betre undervisninga i nynorsk både som hovudmål og sidemål, og for at lærarutdanningane skal gje studentane sine betre opplæring i nynorsk.

Nynorsk i media

Nynorsk er forbode i mange riksdekkjande medium. Dette kjem ingen til gode, og me jobbar for at det skal bli lov å bruke nynorsk alle stadar.

Språklege rettar

Me må ha eit lovverk som står stør opp om det språklege mangfaldet. Me seier frå når nokon bryt mållova og jobbar for at fleire skal fylgje lovverket.

Kva gjer me?

Målferd

Kvart år vitjar me over 60 skular og held føredrag om nynorsk, norsk målsoge og haldningar til språk.

Påverknad

Me arbeider tett med politiske organisasjonar og styringsorgan slik at dei fattar fornuftige vedtak om språk.

Organisasjon

Hjå oss skal alle skal få bidra, lære noko og ha det moro. Me skipar kvart år til sumarleir, vinterleir og haustkonferanse. Me gler oss til å møte deg der!

Kva skjer framover?

4.–9. juli: Sumarleir i Elverum

29. sep-1. okt: Haustkonferanse

Vil du ha hendinga di i kalenderen? Kontakt oss

Betala medlemspengar?

Set inn kroner 70 på kontonr 3450.65.48618 og merk betalinga med namnet ditt.

Eller send kodeord MEDLEMSPENGAR til 2090 (kr 70,-).