Norsk Målungdom

Vervekampanjen 2024

Vervekampanjen 2024 varar frå 12. august til 8. september.

Verv ein ven!

Om vervekampanjen

Gjer ein innsats for målsaka! Verv vener, sysken, klasse- eller studiekameratar og andre kjende. Slik kan DU gjere Norsk Målungdom til ein større og sterkare organisasjon. Det er på den måten me kan få endå meir gjennomslag for god språkpolitikk!

Kampanjen varer frå 12. august til 8. september, og om du vervar nokon i denne perioden, samlar du vervepoeng. Kvar verving gjev eitt vervepoeng. Dei kan du bruke til å handle premiane du ser på sida her! (Hei, mobilbrukarar! Sjå nedanfor for premielista!)

Korleis verve?

Det er to måtar å verve på: Nettsida og SMS. Medlemspengane må vere betalt for at vervinga skal bli gjeldande.
Be personen du vervar om å melde seg inn her. Ein kan berre betala med Vipps på nettsida. Dersom skjemaet ikkje skulle fungere eller om ein vil betala på ein annan måte er det og høve for å melda seg inn gjennom SMS med kodeord NMU + namn + fødeår + postadresse + e-post til 2090 (50 kr.)

Lokallagskonkurranse

Kva lokallag vervar flest? Studentmållaga og elevmållaga kjempar om kvart sitt gåvekort på gratis tilskiping for medlemmane. Lokallaget ditt får utteljing for kvar ny medlem som vert verva av nokon i laget. Det vil seie at den du vervar, både gjev utteljing for deg som einskildmedlem når det gjeld kva vervepremiar du kan få, og for laget ditt i kampen mot dei andre lokallaga eller studentmållaga.

Vervetoppen

Elevmållaga

(blir oppdatert kvar vyrkedag)

  • Katten Målungdom: 11 vervingar
  • Molde Målungdom: 1 vervingar
  • Firda Målungdom: 0 vervingar
  • Fron Målungdom: 5 vervingar
  • Trøndersk Målungdom: 0 vervingar
  • Ålesund Målungdom: 1 vervingar

Studentmållaga

(blir oppdatert kvar vyrkedag)

  • Studentmållaget i Agder: 5 vervingar
  • Studentmållaget i Bergen: 10 vervingar
  • Studentmållaget i Nidaros: 15 vervingar
  • Studentmållaget i Oslo: 14 vervingar
  • Studentmållaget i Rauland: 0 vervingar
  • Studentmållaget i Stavanger: 1 verving
  • Studentmållaget i Tromsø: 2 vervingar
  • Studentmållaget i Volda: 0 vervingar
  • Ås Studentmållag: 8 vervingar

Vervepremiar

  • 1 vervepoeng: «Gå for nynorsken»-sokkar ELLER Handlenett med «Elska»/«Livna» «Gå for nynorsken»-sokkar Handlenett med «Elska»/«Livna»
  • 2 vervepoeng: Aluminiumsflaske: «Flaska» Aluminiumsflaske: «Flaska»
  • 3 vervepoeng: Halskjede: «kjærleik»/«hugleik»/«augneblink» Halskjede: «kjærleik» Halskjede: «hugleik» Halskjede: «augneblink»
  • 5 vervepoeng: «nynorsk.»-t-skjorte «nynorsk.»-t-skjorte
  • 7 vervepoeng: Hettegenser med reiseruta til Ivar Aasen Hettegenser med reiseruta til Ivar Aasen
  • 10 vervepoeng: Gåvekort frå Samlaget Gåvekort frå Samlaget
  • 13 vervepoeng: Festivalbillettar til ein nynorskfestival Festivalbillettar til ein nynorskfestival