Norsk Målungdom

Lat hjarta Brenna for nynorsken

, Landsstyret

Landsstyret i Norsk Målungdom vil helsa Tonje Brenna velkomen som ny kunnskapsminister, og inviterer ho til felles innsats for å styrkja nynorsken i skulen og for å sikra at nynorskelevane har læremiddel på eige språk til liks med bokmålselevane.

Det har sjeldan vore viktigare med ein kunnskapsminister som ser kor viktig språk er. I ei tid der skulen går gjennom store endringar, treng nynorskelevane ein alliert som ser til at nynorsken og nynorskelevane ikkje vert gløymde.

Det er gledeleg at regjeringa vil lovfesta retten til nynorskelevar i språkdelte område til å halda fram i eigne nynorskklassar på ungdomstrinnet. Me er også glade for at de skriv at ein skal sikra at alle elevar får læremiddel på eige skriftspråk.

Nynorskelevar treng læremiddel på nynorsk for å verta trygge i eige språk. For mange nynorskskrivande elevar er skulen den einaste arenaen der dei les store mengder nynorsk. Retten til læremiddel på eige språk sikrar at elevane møter språket sitt i skulen, og er viktig for at dei skal kunne verta gode språkbrukarar som er trygge i språket sitt. Det er behov for at omgrepet «læremiddel» vert utvida til å gjelda skriveprogram og andre tenester som er viktige verktøy i skulen.

Landsstyret i Norsk Målungdom vil oppmoda kunnskapsministeren til å syta for:

  • At det vert ført tilsyn på skular for å sikra at språkrettane til elevane vert varetekne på ein god måte
  • Ei godkjenningsordning for læremiddel som sikrar at bokmåls- og nynorskutgåver vil liggja føre til same tid og pris, og at læremidla held god språkleg kvalitet
  • At språkdelt ungdomsskule vert lovfesta.