Norsk Målungdom

Hipp hurra for Jikŋon 2

, Landsstyret

Landsstyret i Norsk Målungdom ropar høgt hurra for at Disneyfilmen Frozen 2 kjem på nordsamisk, og får premiere same dag som den norske versjonen. Det er utruleg bra at òg Disney tar på seg ei rolle i å anerkjenne urfolk og urfolksspråk. Spesielt i 2019, som er FNs urfolksspråkår. Dei set her eit viktig eksempel, som vi oppfordrar fleire til å følgje.

At Jikŋon 2 får lik premieredato som den norske versjonen, er eit stort bidrag både til å gjere samisk endå meir synleg og å heve statusen til samisk kultur og språk. Attpåtil har samiske styresmakter fått vere med i produksjonen til filmen for å gi ei riktig framstilling av samisk kultur. Det er sånn det skal gjerast.

Landsstyret i Norsk Målungdom vil at skular no tar i bruk filmen i undervisning, for å gjere elevane kjent med samisk gjennom eit medium og ein film dei allereie kjenner. Norsk Målungdom vil oppmode kinoar over heile landet om å setje Jikŋon 2 på programmet, slik at samiskspråklege får sjå språket sitt på kino, uavhengig av kor dei bur. Dette vil og vise filmbransjen at det er ein etterspurnad etter meir samisk film.

Å sjå språket sitt i bruk er eit viktig tiltak for å lage sterke språkbrukarar. Samstundes er det viktig at vi her i Noreg minner folk på det flotte språkmangfaldet vi har. Populærkultur som Disney-filmar når ut til veldig mange. Gjennom at filmar som Frozen 2 blir gitt ut på urfolkspråk, viser ein fram språket til eit endå større publikum som treng å bli mint på at det finst.

Landsstyret i Norsk Målungdom er glade for at samiske barn får sjå morsmålet sitt på kino, og håpar at fleire filmar i framtida ogso vil kome på samisk.