Norsk Målungdom

Fråsegner

Landsmøta og landsstyret vedtek kvart år fråsegner om aktuelle målpolitiske tema. Me legg dei ut på nettsida etter kvart som dei blir reinskrivne.

Anerkjenn språket til alle nasjonale minoritetar!

2022-10-25
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom meiner at jødar som nasjonal minoritet burde få språket sitt anerkjent som nasjonalt minoritetsspråk.

Lat språksamfunna styre språka sine sjølve, Google!

2022-10-25
(Landsstyret)

Lat språksamfunna styre språka sine sjølve, Google!

Europeiske land bør ratifisere regions- eller minoritetsspråkspakta

2022-06-23
(Landsstyret)

Landsstyret meiner at alle land i Europa må ratifisere den europeisk pakta om regions- eller minoritetsspråk.

Fyll hylla med nynorsk!

2022-06-23
(Landsstyret)

Landsstyret ønskjer seg ein skule som gir rom til nynorsken, og skapar dei mange gode møta med språket for alle elevar.

Dagbladet = diskrimineringsbladet

2022-03-20
(Landsmøtet 2022)

Landsmøte i Norsk Målungdom krev at Dagbladet skal tillate og ta i bruk nynorsk på redaksjonell plass.

Hurra for hen!

2022-03-20
(Landsmøte)

Landsmøte i Norsk Målungdom jublar for nytt pronomen!

Nynorsk i Hemsedal

2022-03-20
(Landsmøte)

Landsmøte i Norsk Målungdom krev at Hemsedal kommune set i gang tiltak for å sikre nynorskbrukarane i kommunen.

Borten! Stogg engelskimporten!

2021-12-14
(Landsstyret)

Landsstyret sine krav til ny forsking- og høgare utdanningsminister.

Lat hjarta Brenna for nynorsken

2021-12-14
(Landsstyret)

Landsstyret sine krav til ny kunnskapsminister.

Samiske språkreglar for framtida

2021-12-14
(Landsstyret)

Landsstyret sine innspel til språkreglane i samelova.

Hurra for Hulda!

2021-06-13
(Landsstyret)

Norsk Målungdom ropar hurra for Hulda, Noregs fyrste robotstemme med nynorsk uttale.

La borna høyre dialekt!

2021-06-13
(Landsstyret)

Norsk Målungdom krev at eit breitt spekter av dialekter er representerte på barne-TV.

Meir tv-teksting på nynorsk

2021-06-13
(Landsstyret)

Norsk Målungdom krev at fleire program på norsk tv skal tekstast på nynorsk.

Nynorsk arbeids- og velferdsforvalting

2021-06-13
(Landsstyret)

Nettsidene til NAV må vere oversiktlege, klårspråklege og tilgjengelege på nynorsk.

Undertekst alle eller ingen

2021-06-13
(Landsstyret)

Norsk Målungdom krev at anten alle eller ingen skal undertekstast.

Hegn om stadnamna våre

2021-04-25
(Landsmøtet 2021)

Stadnamna er av dei viktigaste kulturminna me har, dei er felleseige for alle i språksamfunnet. Det krev at namna vert hegna om og forska på.

Meir song i skulen!

2021-04-25
(Landsmøtet 2021)

Norsk Målungdom krev at song er ein del av nynorskundervisinga, at elevar i heile landet får synge på eiga dialekt på skulen og at song er ein naturleg del av undervisinga på grunnskulen.

Nynorskslasken NTNU

2021-04-25
(Landsmøtet 2021)

Landsmøtet i Norsk Målungdom krev at NTNU aukar nynorskandelen sin og sender inn fullstendig kartlegging over språkføringa si til Språkrådet.

Lat nordmenn google på nynorsk!

2021-02-21
(Landsstyret)

Norsk Målungdom krev at Google tilpassar søkjealgoritmane sine slik at alle som bruker Google på norsk finn fram til det dei leiter etter, uavhengig av om ein skriv på nynorsk eller bokmål.

Nynorsk i netthandel

2021-02-21
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at nettbutikkane skal gjera det enkelt å nytta nynorsk i netthandelen.

Hipp hurra for Norga, Vuodna, Nöörje og Norja

2020-11-15
(Omframt landsmøte 2020)

Norsk Målungdom jublar for samiske og kvensk namn på Noreg.

Noreg bryt barnekonvensjonen overfor nynorskelevane!

2020-11-15
(Omframt landsmøte 2020)

Det omframme landsmøtet i Norsk Målungdom meiner at staten si handsaming av nynorskelevane bryt med SNs konvensjon om barnerettane på fleire punkt.

4. klasse på nynorsk!

2020-09-17
(Landsstyret)

Dess yngre ein er, dess enklare har hjernen for å ta inn og lære seg eit nytt språk. Difor er det viktig at nynorsk blir ein gjennomgåande raud tråd for alle 4.-klassingar. Norsk Målungdom ynskjer at alle 4.-klassingar har eit år der alt er på nynorsk.

Meir pengar til Språkrådet!

2020-09-17
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at Språkrådet får meir pengar til det viktige arbeidet sitt.

Trøndersk dialekt på trønderske bussar

2020-09-17
(Landsstyret)

Norsk Målungdom vil oppmode AtB til å lese inn haldeplassane på nytt, sånn at ein på bussane i trøndelag kan høyre haldeplassane på nydeleg trøndersk

Høyringssvar frå Norsk Målungdom til NOU 2019: 25 Med rett til å mestre

2020-06-29
(Sentralstyret)

Høyringsfråsegna er vedteken av sentralstyret, og er tufta på politikk landsmøtet og landsstyret til Norsk Målungdom har vedteke.

Høyringssvar frå Norsk Målungdom til NOU 2019:23 Ny opplæringslov

2020-06-28
(Landsstyret)

Høyringssvaret vårt dreier seg om språkrettane i opplæringslova og stoda for nynorskelevane. Hovudprioriteringane våre er språkdelt ungdomsskule, digitale læremiddel og rådgivande røystingar om skolemål.

Høyringssvar frå Norsk Målungdom til ny lov om universitet og høgskolar

2020-05-20
(Sentralstyret)

Dette er høyringssvaret frå Norsk Målungdom på Kunnskapsdepartementet sitt utkast til ny lov om universitet og høgskolar. Høyringsfråsegna er vedteken av sentralstyret, og er tufta på politikk landsmøtet og landsstyret til Norsk Målungdom har vedteke.

Nynorske læremiddel i høgare utdanning

2020-05-10
(Landsstyret)

Norsk Målungdom krev at Diku oppdaterer retningslinjene sine for ordninga slik at nynorske pensumbøker for alle slags fag – uavhengig av storleik – får støtte i seinare søknadsrunder.

Prioriteringar frå Norsk Målungdom til opplæringslova

2020-05-10
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom har følgande tre hovudprioriteringar dei krev at regjeringa skal sjå på på nytt, språkdelt ungdomsskole, digitale læremiddel og rådgjevande røystingar om skolemål.

Skvåsj og sjenerell

2020-05-10
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom meiner at ord som vert mykje bruka i norsk, skal kunna ha norsk skrivemåte. Både pedagogisk og ideologisk meiner me det kan løna seg å bruka norvagisert stavemåte.

Hev kvensk til nivå 3 i minoritetsspråkpakta

2020-02-16
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at regjeringa tar ansvar for rettane og framtida til det kvenske språket i Noreg. Hev kvensk til nivå 3.

Norsk er ikkje berre bokmål

2020-02-16
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at standardane vert klårare, og at i dei tilfella det er krav om «norsk» i dag, skal kravet verta utvida til «nynorsk og bokmål».

Von om Grande planar for nynorskelevane

2020-02-16
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom ynskjer Skei Grande lukke til med ny ministerpost, og vonar på eit godt samarbeid.

Hipp hurra for Jikŋon 2

2019-11-17
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom ropar høgt hurra for at Disneyfilmen Frozen 2 kjem på nordsamisk, og håpar at fleire filmar i framtida ogso vil kome på samisk.

La bestemor snakke norsk på kafe

2019-11-17
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at staten skal gje støtte til arbeidsplassane, slik at dei kan tilby norskkurs.

Tett på – inkluderande nynorskfellesskap?

2019-11-17
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at rammeplanen for barnehagen slår fast at ungane skal få kjennskap til det skriftspråket dei skal lære seg når dei startar på skolen.

Høyringssvar frå Norsk Målungdom til utkast til lov om språk (språklova)

2019-11-11
(Sentralstyret)

Dette er høyringssvaret frå Norsk Målungdom på Kulturdepartementet sitt utkast til ny, heilskapleg språklov. Høyringsfråsegna er vedteken av sentralstyret, og er tufta på politikk landsmøtet og landsstyret til Norsk Målungdom har vedteke.

Journalistutdanningane må utdanne nynorskjournalistar

2019-09-15
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at journalistutdanningane tar ansvar for å utdanne fleire nynorskskrivande journalistar.

Nynorsken som jamstilt mål

2019-09-15
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom meiner at personlege nettstader og sider med innlogging skal ha fullstendig innhald på nynorsk, bokmål og samisk, etter kva språkval ein har registrert på Noreg.no.

Høyringssvar frå Norsk Målungdom om utkast til læreplan i norsk

2019-05-10
(Sentralstyret)

Dette er høyringssvaret frå Norsk Målungdom på Kunnskapsdepartementet sitt utkast til læreplan i norsk. Høyringsfråsegna er vedteken av sentralstyret, og er tufta på politikk landsmøtet og landsstyret til Norsk Målungdom har vedteke.

Mediepolitikk er språkpolitikk

2019-04-28
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom legg vekt på at staten sin mediepolitikk må fylgje staten sin språkpolitikk, og med det ta omsyn til nynorsken og språkmangfaldet. Difor må staten stille språkkrav når dei gjev mediestøtte og ta vare på dei media som særleg viktig for nynorsken og andre mindre brukte språk med ein offisiell status i Noreg.

Privatiser språklege rettar!

2019-04-28
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom meiner at eit av krava skal vera at alle elevar og studentar skal ha dei same språklege rettane under utdanninga si – uavhengig av val av utdanningsinstitusjon.

Styrk nynorsken ved UiA!

2019-04-28
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at Universitetet i Agder utarbeider ein plan på korleis dei vonar å auke bruken av nynorsk i dokumenter som skjema, nettsider og sosiale medium.

Meir makt til Språkrådet!

2019-03-31
(Landsmøtet 2019)

Norsk Målungdom meiner at Språkrådet bør få meir makt.

Nynorske læremiddel til fagfornyinga!

2019-03-31
(Landsmøtet 2019)

Norsk Målungdom krev at læremidla er klare både på nynorsk og bokmål til dei nye læreplanane blir tekne i bruk.

På Stord skriv me saman

2019-03-31
(Landsmøtet 2019)

Studentsamskipnaden Saman/sammen bør nytta nynorsk i avdelinga si på Stord.

Utvid den dialektpolitiske verktøykassa

2019-03-31
(Landsmøtet 2019)

Norsk Målungdom vil styrkja dialektane.

Lat oss slå opp på nynorsk!

2019-02-17
(Landsstyret)

Norsk Målungdom krev at styresmaktene løyver midlar til å utvikla og kvalitetssikra digitale ordbøker som fungerer begge vegar mellom nynorsk og framandspråka spansk, tysk og fransk.

Nynorsk tekstning no!

2019-02-17
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom krev at statleg filmstøtte skal koplast til eit krav om at produsenten skal levera teksting på både nynorsk og bokmål.

Berre lover på nynorsk i 2019

2018-11-18
(Landsstyret)

Landsstyret i Norsk Målungdom meiner at alle lovene som blir vedteke i 2019 må vere på nynorsk.

Gjer det lett å vere nynorskbrukar i Vestfold og Telemark fylke

2018-11-18
(Landsstyret)

Gjer det lett å vere nynorskbrukar i Vestfold og Telemark fylke

Ikkje gløym nynorskbrukarar med dysleksi!

2018-11-18
(Landsstyret)

Ikkje gløym nynorskbrukarar med dysleksi!

Nynorsklyft for gutar!

2018-11-18
(Landsstyret)

Nynorsklyft for gutar

Høyringssvar til skisser til nye læreplanar i norsk

2018-11-14
(Sentralstyret)

Dette er høyringssvaret, eller innspelet, frå Norsk Målungdom på læreplangruppa sine skisser til nye læreplanar i norsk. Høyringsfråsegna er vedteken av sentralstyret, og er tufta på politikk landsmøtet og landsstyret til Norsk Målungdom har vedteke.

Gje lærarstudentane nynorskskrivetrening

2018-09-08
(Landsstyret)

Gje lærarstudentane nynorskskrivetrening

Ta vare på norsk i akademia: Endre teljekantsystemet!

2018-09-08
(Landsstyret)

Ta vare på norsk i akademia: Endre teljekantsystemet!

Ei ny språklov - ein stor sjanse til meir språkmangfald

2018-08-09
(Landsstyret)

Ei ny språklov - ein stor sjanse til meir språkmangfald

Styrk nynorsken i læreplanen!

2018-08-09
(Landsstyret)

Styrk nynorsken i læreplanen!

Noreg er meir enn Norge og Noreg

2018-05-06
(Landsstyret)

Dei samiske og kvenske namna på Noreg må få offisiell status

Nye Ålesund må bli ein nynorsk vekstkommune

2018-05-06
(Landsstyret)

Etter kommunesamanslåinga må nye Ålesund kommune bli ein nynorsk vekstkommune

Studentsamskipnadane skal fylgje mållova

2018-05-06
(Landsstyret)

Studentsamskipnadane skal fylgje mållova

Styrk retten til læremiddel på eige språk

2018-05-06
(Landsstyret)

Retten til læremiddel på eige språk må styrkast, slik at nynoskelevar får læremiddel på nynorsk.

Eit offensivt mållag for heile Noreg

2018-03-18
(Landsmøtet 2018)

Læremiddel for framtida

2018-03-18
(Landsmøtet 2018)

Nynorskelevar må få nynorske læremiddel, også i framtida.

Styrk kvensk i skolen

2018-03-18
(Landsmøtet 2018)

Ja til fleire tiltak for å revitalisere det kvenske språket.

Universitet og høgskular på norsk

2018-03-18
(Landsmøtet 2018)

Universitet og høgskular må ta ansvar for norsk fagspråk og for det norske språksamfunnet.

Jan må Tore å satse på nynorsken

2018-02-11
(Landsstyret)

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner må ta ansvar for nynorsken i skulen

Lat oss rydde ein Ny bø for nynorsken!

2018-02-11
(Landsstyret)

Me vil samarbeida med forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø om meir nynorsk i høgare utdanning

Skei ut med kultur for nynorsk, Grande!

2018-02-11
(Landsstyret)

Kulturminister Trine Skei Grande må ta ansvar for nynorsken

UiT må ta nynorskarbeidet på alvor

2018-02-11
(Landsstyret)

NMU er glade for at UiT prøver å bli betre på å bruke nynorsk. Det må dei arbeide meir med.

Nye fylke med norske namn

2017-11-19
(Landsstyret)

Den nynorske studentsamskipnaden

2017-04-02
(Landsmøtet 2017)

Gjer nynorsk lett på nettbrett

2017-04-02
(Landsmøtet 2017)

Hald Språkrådet i Oslo!

2017-04-02
(Landsmøtet 2017)

Norsk Målungdom vil ha jobben gjord på norsk

2017-04-02
(Landsmøtet 2017)

Nynorsk må ikkje hamne etter i digitaliseringa

2017-04-02
(Landsmøtet 2017)