Norsk Målungdom

Skrivarstova

Skrivarstova er kontoret til Norsk Målungdom, og held til i Dronningens gate 22 i Oslo. Dei tilsette utfører administrative oppgåver knytte til målferd, medlemsregister, målgåveregister, dagleg økonomiarbeid og kontakt med medlemmane og lokallaga.

Om skrivarstova

Skrivarstova er sett saman av skrivar og kontormedarbeidar, i tillegg til leiaren. Her kan du kontakte skrivarstova.

Skrivaren har hovudansvar for dagleg drift, økonomiarbeid, rekneskap, medlemsregister og organisatorisk arbeid, i tillegg til å vere skrivar for sentralstyret og landsstyret. Dette er den same rolla andre organisasjonar kallar «dagleg leiar» eller «generalsekretær».

Kontormedarbeidaren arbeider med medlemsregister, sosiale medium, Frifond og anna kontorarbeid. Dette er ei halv stilling.

Leiaren i sentralstyret er frikjøpt i full stilling for å arbeide med politikk og oppfølging av styre og lokallag.

Kontakt

Norsk Målungdom
Dronningens gate 22, 0154 Oslo
E-post: norsk@malungdom.no
Telefon: 97 34 28 64

Dei tilsette

Leiar – Sebastian Vinsent Natvik (Frå Alver, fødd 2003)
E-post: sebastian@malungdom.no
Telefon: 99 50 80 11

Skrivar - Emma Hinderaker Pedersen
E-post: emma@malungdom.no
Telefon: 40 61 42 76

Kontormedarbeidar - Marie Løviknes
E-post: marie@malungdom.no
Telefon: 95 14 47 05