Praktisk
Kvar: Hallingdal Leirsted i Ål i Hallingdal
Når: 23. til 25. januar 2026
Pris: 200 kr ved påmelding før 25. desember, 300 kr etter 25. desember
Reise: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.
Påmeldingsfrist: 5. januar 2026
Pakkeliste:
- toalettsaker
- handkle
- varme klede
- uteklede og gode sko
- akebrett (valfritt)
- ski og skisko (valfritt)
- spel, handarbeid eller andre aktivitetar du vil ha med
Reiseruter
Merk: Me dekkjer i utgangspunktet berre billegaste reisemåte. Om du vil nytte noko anna, må du avtale det med skrivarstova.
Dersom du er i tvil om reisemåte, anten det handlar om pris eller noko anna, ta kontakt med skrivar Mari Kaslegard på e-post norsk@malungdom.no eller telefon 97342864.
Informasjon til føresette
Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.