Korleis vervar eg?
Det er to måtar å verve på: Nettsida og SMS. Medlemspengane må vere betalt for at vervinga skal bli gjeldande.
- Nettsida: Be personen du vervar om å melde seg inn her. Der kan ein mellom anna betala med Vipps. Om du som fyller ut skjemaet ikkje skal betala medlemspengane, vel "Papirfaktura". Om skjemaet ikkje funkar, bruk SMS i staden:
- SMS: Be personen du vervar om å sende ein SMS med kodeord NMU100 til 2090. I SMS-en må personen du vervar skrive inn namnet sitt, fødeår, e-post, adresse og namnet ditt. Då blir 100 kr trekt frå mobilrekninga deira, og dei er medlem ut 2023.
Kva vervingar er teljande?
For at vervinga skal vere teljande, må personen du vervar betale medlemspengar innan ein månad etter vervekampanjen er ferdig (altså innan 11. oktober). I tillegg må vi ha namn, fødeår og postnummer til personen du vervar. Vervinga gir utteljing både til deg sjølv og til lokallaget ditt.
Personen eg verva gløymde å skrive namnet mitt.
Send ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruk kontaktskjemaet.
Eg melde meg inn på nettsida. Kor betalar eg?
Om du valde papirgiro då du melde deg inn, får du ein giro i posten om ei lita stund. Om du vil betale med ein gong (og det tilrår vi!) kan du gjere det via SMS, Vipps eller kontobetaling.
- SMS: Send ein SMS med kodeord NMU100 til 2090. I SMS-en skriv du også namnet ditt. Da blir 100 kr trekt frå mobilrekninga di.
- Vipps: Søk opp Norsk Målungdom: Medlemspengar på Vipps (#22472), betal 100 kr og merk betalinga med namnet ditt.
- Bank: Set inn 100 kroner på kontonr. 3450.65.48618 og merk betalinga med namnet ditt.
Korfor kostar det 100 kr, og ikkje 50 kr?
Når du melder deg inn i Norsk Målungdom etter 1. juli, kan du betale for to år i slengen. Det kostar 100 kr. Du kan sjølvsagt også velje å betale berre 50 kr, men då har du berre medlemskap ut året.
Eg gløymde noko/skreiv feil informasjon da eg melde meg inn.
Send ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruk kontaktskjemaet.
Kvifor treng dokker å vite så mykje når eg melder meg inn?
Staten krev at vi har ein del informasjon om medlemmane våre for at dei skal telje som medlemmar. Det betyr at om vi til dømes manglar postnummeret ditt, så blir du ikkje rekna som ein teljande medlem. I tillegg vil vi gjerne ha kontaktinformasjonen din for å komme i kontakt med deg.
Korleis fungerer premielista?
Kvar teljande verving du har gir deg eit «vervepoeng» i NMU-banken. Premiane på premielista kostar ei viss mengde vervepoeng. Det betyr at om du til dømes vervar fem medlemmar, kan du anten bruke vervepoenga på å få ein genser (som kostar fem vervepoeng) eller ei t-skjorte (to vervepoeng) OG ei drikkeflaske (tre vervepoeng). Vi tar kontakt med deg etter vervekampanjen og høyrer korleis du vil bruke vervepoenga dine. Du får vervepremien din i posten.
Lokallaget mitt vil ha meir tilfang.
Send ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruk kontaktskjemaet. Du kan også ta kontakt med fadderen din.
Korleis veit eg kva lokallag eg er med i?
Vi plasserer medlemmar i lokallag etter kor dei bur og kva alder dei er i. Det betyr at du til dømes kan vere registrert i feil lokallag om du er registrert med adressa til foreldra dine, men har flytta for å studere. Om du lurer på kor du er registrert, eller vil endre lokallag, kan du sende ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruke kontaktskjemaet. Her finn du eit oversyn over alle lokallaga våre.
Det finst ikkje eit lokallag på staden eg bur.
Om du er interessert i å starte eit lokallag kan du sende ein e-post til norsk@malungdom.no, eller bruke kontaktskjemaet, så skal vi gjere det vi kan for å hjelpe deg!