Norsk Målungdom

Landsmøteordliste

På eit landsmøte møter vi mange nye ord og omgrep. Her er ei liste over dei, til glede for gamle og nye utsendingar.

  • Absolutt fleirtal: Fleirtal med over helvta av røystene, ogso dei blanke.
  • Akklamasjon: Å vedta noko ved å klappe for det, til dømes i røystinga.
  • Brigde: Endring. Til dømes lovbrigde = endringar i lovene.
  • Diktøskja: Plass ein leverer dikt eller anna moro som ordstyrarane les opp.
  • Endringsframlegg: Framlegg til endring, til dømes til ei fråsegn. Skal skrivast i Google-skjema eller på anna måte ein får beskjed om i møte.
  • Fråhalden: Når du korkje røystar for eller imot noko.
  • Fråsegn: Eit politisk utspel. På sidemål: uttalelse eller resolusjon.
  • Fullmaktsnemnda: Eit utval som ser over og godkjenner at dei som har fått røysterett faktisk skal ha det.
  • GoPlenum: Digital portal vi bruker til røysting og for å teikne seg til innlegg, replikk og saksførehavinga.
  • Innlegg: Vil du seia noko under møtet kan du teikne deg til eit innlegg. Ordstyrarane skriv deg opp og seier frå når det er din tur.
  • Innstilling: Det endringsframlegget møtenemnda tilrår landsmøtet å røyste for. Ordstyrarane legg «nemndas innstilling til grunn» når me røyster. Dvs. at landsmøtet røyster om dei er samde eller usamde med nemnda si tilråding.
  • Konsekvensbrigde: Endringar som skjer på grunn av ein annan endring. Som regel er det at paragrafane forskyver seg når ein sett inn ein ny paragraf.
  • Landsmøteføresegner: Reglane for landsmøtet.
  • Landsstyret: Det øvste organet i NMU mellom landsmøta. Har fem møte i året, og vedtar mellom anna fråsegner og dialektprisen.
  • LST: Kortform for landsstyret.
  • Møtebok: Oppritet (referatet) frå landsmøtet.
  • Møtenemnd: Arbeidsgrupper som går gjennom dei innkomne endringsframlegga, og gjer innstillingar på dei slik at det går raskare på søndagen.
  • Møteskrivar: Dei som sit og skriv møteboka. Dei skriv ned kva vedtak som blir gjort, og kva som blir sagt i ordskiftet.
  • NMU: Kortform for Norsk Målungdom
  • Observatør: Deltakarar på landsmøte som ikkje har røysterett.
  • Omframt: Oftast i rekneskapen: ting ein ikkje rekna med skulle skje. Ekstraordinært.
  • Ordstyrar: Dei som styrer ordet og held oversyn over kven som skal prate når.
  • Replikk: Ein kort kommentar til det som nettopp er blitt sagt. Ein kan berre teikne replikk på eit innlegg.
  • Røystelikskap: Når det er like mange røyster for og imot.
  • Røysting: Når ein skal røyste/stemme over noko, til dømes endringar i lovene.
  • Saksopplysning: Viss det er behov for å komma med oppklaringar i ei sak.
  • Sentralstyret: Dei som gjer det daglege organisatoriske og politiske arbeidet i NMU.
  • Sette-: Vikar. Til dømes setteskrivar om ein skrivar ikkje er til stades.
  • Skrivarstova: Kontoret til NMU og Noregs Mållag i Oslo.
  • SST: Kortform for sentralstyret.
  • STA: Samrøystes tilrådd avvist. Møtenemnda er heilt einige i at dei ikkje tilrår landsmøtet å røyste for dette endringsframlegget.
  • STV: Samrøystes tilrådd vedteke. Møtenemnda er heilt einige i at det er dette endringsframlegget dei tilrår landsmøtet å vedta.
  • Strek blir sett: Når strek er sett går det ikkje an å teikne seg til fleire innlegg.
  • Svarreplikk: Ein replikk frå den som hadde innlegg, om nokon teikna seg til replikk på innlegget.
  • TA: Tilrådd avvist. Fleirtalet i møtenemnda (men ikkje alle) tilrår å ikkje røyste for dette.
  • Teljekorps: Folk som skal telja kor mange som røyster for og mot viss det er jamnt.
  • Til saksførehavinga: Viss ein har innspel til køyreplan, røysting eller andre ting rundt gjennomføringa av møtet teiknar ein seg til saksførehavinga. Ofte kalla til forretningsorden eller til dagsorden på sidemål.
  • Tufta: Det politiske grunnlagsdokumentet, eller prinsipprogrammet.
  • TV: Tilrådd vedteke. Fleirtalet i møtenemnda (men ikkje alle) tilrår å røyste for dette.
  • Utsending: Deltakar på landsmøtet som har røysterett.
  • Valnemnda: Dei som føreslår kven som skal sitja i sentral- og landsstyret.
  • Vanleg fleirtal: Når det er fleire røyster for enn imot. Då tel ein ikkje dei blanke eller fråhaldande røystene.