Norsk Målungdom

Vinterleiren 2020

Frå 17. til 19. januar på Eina på Toten

Program

Fredag
16:00
Innsjekk, enkel servering og natursti
17:30
Språk i NRK v/ Ingvild Bryn
19:00
Språkteknologi v/ Benedicte Frostad
20:30
Middag
Etterpå
Verte-kjende-leikar

Laurdag
09:00
Frukost
10:00
Parallelle punkt:
Retorikk v/ Kristofer Olai Ravn Stavseng
Det nye språket på internett v/ Gunnhild Skjold
Klimaendringar v/ Christoph Franzen
11:30
Skotske språkaktivistar v/ James K. Puchowski
13:00
Dugurd m/ nistesmørjing
14:00
Parallelle punkt:
Skitur og utetid
Innetid
Tova gryteunderlag v/ Ingunn V. Steinsvåg
Midlandsnormalen v/ Felix Knuth
Tips og triks for eit betre liv v/ Frida Pernille Mikkelsen
17:30
Kvinner i nynorsksoga v/ Eli Bjørhusdal
19:00
Middag
Etterpå
Kviss og loddtrekking

Sundag
09:00
Frukost
10:00
Parallelle punkt:
Språk i høgare utdanning v/ Ragnhild Kvifte
Prinsipprogrammet til Noregs Mållag v/ Svein Soldal Eggerud
11:30
I hovudet til sidemålslæraren v/ Elise Tørring
13:00
Appell v/ Gunnhild Skjold
13:15
Dugurd m/ nistesmørjing, pakking, farvel og avreise

Praktisk

Tørre fakta

Kvar: Skogstad leirstad på Eina på Toten

Når: 17. til 19. januar

Pris: 700 kr om du betaler før leiren (800 kr etter)

Reisedekking: Me kostar reisa for alle som kjem på leiren.

Pakkeliste:

  • sovepose
  • toalettsaker
  • handkle
  • varme klede
  • ski, viss du vil gå på ski

Reiseruter

I år skal vinterleiren vere på Eina på Toten.

Leirstaden ligg 500 meter frå togstasjonen, så det enklaste og billegaste for dei som bur i nærleiken av ei togline, er å ta toget. Ting billettar så tidleg som mogleg, og kjøp miniprisbillettar viss det er.

For folk som bur verkeleg langt vekke frå Eina (Nord-Noreg, til dømes), kan det henda fly er einaste fornuftige reisemåte mtp. tidsbruk og reisebelastning. Ved bruk av fly tilrår me å kryssjekka prisar på Widerøe, SAS og Norwegian.

Merk: Me dekkjer i utgangspunktet ikkje fly frå andre stader i Sør-Noreg – det må i så fall avtalast med oss på førehand. Du kan eventuelt få refundert tilsvarande billegaste reisemåte, og ta mellomlegget sjølv.

Dersom du er i tvil om reisemåte, anten det handlar om pris eller noko anna, ta kontakt med praktisk ansvarleg Frida Pernille Mikkelsen på e-post frida@malungdom.no.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.