Norsk Målungdom

Vinterleiren 2019

Frå 18. til 20. januar på Eina på Toten

Program

Vinterleiren 2019 har dialekttema! Sjå programmet i fullversjon her

Program for vinterleiren

Det er innsjekk og brødmat frå 16.00 fredag. Programmet startar tidlegast 17.00. Programmet er ferdig sundag klokka 14.00. Det er lagt inn pause mellom kvart programpunkt, i tillegg til godt med matpausar.

Her er nokre smakebitar frå programmet:

  • Professor i nordisk språkvitskap Brit Mæhlum innleiar om dialektvariasjon og dialektutvikling på flatbygdene rundt Mjøsa
  • Leiar i Numedal Mållag, Sigrun Heimdal, innleiar om arbeidet dei har gjort for å samle og berge numedalsmålet, og om nettsida numedalsmal.no
  • Professor emeritus Rolf Theil fortel om dialekt i verda. Tru korleis det er med dialekter i Asia?
  • Jakkemerkeverkstad der vi lagar jakkemerke med dialektord
  • Margit Fausko frå Hallingdal fortel om dialektprosjektet Hått Halling
  • Sjølve Daskebandet har konsert for oss!

Påmelding

Vinterleiren har vore, så du kan ikkje lenger melde deg på.

Praktisk

Tørre fakta

Kvar: Skogstad leirstad på Eina på Toten

Når: 18. til 20. januar

Pris: 500 kr. viss du betaler før 18. januar, 700 kr. viss du betaler etter

Reisedekking: Vi kostar reisa for alle som kjem på leiren.

Pakkeliste:

  • sovepose
  • toalettsaker
  • handkle
  • varme klede
  • ski, viss du vil gå på ski

Reiseruter

I år skal vinterleiren vere på Eina på Toten.

Leirstaden ligg 500 meter frå togstasjonen, så det enklaste og billegaste for dei som bur i nærleiken av ei togline, er å ta toget. Ting billettar så tidleg som mogleg, og kjøp miniprisbillettar viss det er.

For folk som bur verkeleg langt vekke frå Eina (Nord-Noreg, til dømes), kan det henda fly er einaste fornuftige reisemåte mtp. tidsbruk og reisebelastning. Ved bruk av fly tilrår me å kryssjekka prisar på Widerøe, SAS og Norwegian.

Merk: Me dekkjer i utgangspunktet ikkje fly frå andre stader i Sør-Noreg – det må i så fall avtalast med oss på førehand. Du kan eventuelt få refundert tilsvarande billegaste reisemåte, og ta mellomlegget sjølv.

Her er nokre framlegg til reiseruter:

Frå Gardermoen

Den raskaste måten er å taka bussen til Gran stasjon, og tog vidare til Eina. Bussen går 16:00, 17:20, 18:40. Toga går 17:16, 18:14, 20:09.

Du kan óg taka toget til Oslo, og gjøvikbana til Eina. Ho går omlag annankvar time, 15:02, 16:12, 17:02, 19:02, og tek halvannan time.

Frå Oslo

Tak toget mot Gjøvik til du kjem til Eina. Det går omlag annankvar time, 15:02, 16:12, 17.02, 19:02.

Med tog frå Trondheim, Åndalsnes eller Gudbrandsdalen

Det går buss frå Lillehammer til både Eina og Gjøvik. Det tek mindre tid enn å toga via Oslo.

Det går buss til Gjøvik 15:45 og kvart over kvar time: 16:15, 17:15, 18:15, 19:15, 20:15. Frå Gjøvik går det buss 16:30, og tog 17:29, 19:32 og 21:31.

Dersom du er i tvil om reisemåte, anten det handlar om pris eller noko anna, ta kontakt med praktisk ansvarleg Åsmund Kvifte på e-post aasmund@malungdom.no.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.