Norsk Målungdom

Tillitsvaldsamlinga: Meir nynorsk i kvardagen

Er du, eller ynskjer du å bli, tillitsvald i Norsk Målungdom? Då er dette tilskipinga for deg! Hald av datoane 28.–30. september, for da skipar vi til Tillitsvaldsamlinga: Meir nynorsk i kvardagen på St. Paul skole i Bergen.

Program

Program for Tillitsvaldsamlinga Sjå programmet i fullversjon her

Påmelding

Ferdig.

Praktisk

Tørre fakta

Kvar: St. Paul skole i Bergen

Når: 28. - 30. september

Pris: 500 viss du betalar før 28. september, 700 etter.

Reisedekking: Me kostar billegaste reiseveg for alle som kjem på leiren. Ta kontakt om du lyt reise med fly eller ikkje-billegaste reiseveg. Me tek sosiale omsyn.

Pakkeliste:

  • sovepose
  • liggjeunderlag/luftmadrass
  • toalettsaker
  • handkle

Reiseruter

Ta kontakt om du tykkjer det er vanskeleg å finne ein passande reiserute. Dei fleste vil finne ei høvande reiserute til Bergen på nettsida til reiseplanleggjaren Entur. (https://en-tur.no/).

Samlinga startar 17.00, og det er lurt å vere der omlag ein time før for å få mat og praktisk informasjon. Samlinga sluttar 13.00 på sundagen.

Informasjon til føresette

Det hender at foreldre er litt redde for å sende ungdomane sine avgarde aleine. Difor har me laga eit informasjonsskriv til føresette slik dei kan kjenne seg tryggare.