Norsk Målungdom

Vervekampanje

Vervekampanjen 2017 er over.

Gjer ein skilnad for målsaka! Verv vener, sysken, klasse- eller studiekameratar og andre kjende. Slik kan DU gjere Norsk Målungdom til ein større og sterkare organisasjon. Det er på den måten me kan få endå meir gjennomslag for god språkpolitikk og meir nynorsk i kvardagen.

Lokallagskonkurranse

Kva lokallag vervar flest? Studentmållaga kjempar om den gjæve vandregralen. Dei andre lokallaga konkurrerer om flotte premiar.

Det vert premie til dei tre laga som vervar flest.

  • 1. premie: gratis vinterleir for medlemene i laget og oppslag i Motmæle
  • 2. premie: pizzakveld med besøk av sentralstyret
  • 3. premie: vaffeljarn

Lokallaget ditt får utteljing for kvar ny medlem som vert verva av nokon i laget. Det vil seie at den du vervar, både gjev utteljing for deg som einskildmedlem når det gjeld kva vervepremiar du kan få, og for laget ditt i kampen mot dei andre lokallaga eller studentmållaga.

Eit døme: 24. august vervar Ivar Aasen, medlem i Ørsta Elevmållag, Hulda Garborg på stand på storefri. Ivar oppmodar Hulda til å melde seg inn med SMS. Ho finn fram mobilen og sender «NMU100 Hulda Garborg+1862+huldagarborg@nynorsk.no+Knudaheio+4342 Undheim+Ivar Aasen» til 2090. Denne vervinga gjev utteljing både til Ørsta Elevmållag og Ivar sjølv, så lenge Hulda hugsar å skrive inn både fødeår og postnummer.

Vervepremiar

Alle som har verva i innspurtsveka (frå 18. - 24. september) får ein Mangfald-caps i tillegg til dei andre vervepremiane!
Verv 1
Handlenett
Verv 2
Eg <3 nynorsk-skjorte
Verv 3
Kjøleskapspoesi med Ivar Aasen og Olav H. Hauge
Verv 5
Bjøddn-panneband med Ivar Aasen-motiv eller Ivar Aasen-bokser
Verv 7
Ryggsekk med NMU-logo
Verv 10
Hovudtelefonar frå Bowers&Wilkins (P3 series 2) eller abonnement på storytel i eit halvt år
Verv 15
To festivalpass til ein nynorskfestival. Vel mellom Vinjerock, Malakoff eller Fres Festival.

Registrer verving

(Vervekampanjen er over, så du kjem ikkje til å få premie for vervingane du gjer. Det bør sjølvsagt ikkje hindre deg frå å verve. Verv i veg!)

Vervetoppen

Lokallagsvervetoppen

  • Firda Målungdom: 40 vervingar
  • Sogndal Målungdom: 21 vervingar
  • Sørfjorden Målungdom: 10 vervingar
  • Søre Sunnmøre Målungdom: 7 vervingar
  • Kongsgård Elevmållag: 5 vervingar
  • Haugesund Målungdom: 1 verving
  • Molde Målungdom: 1 verving
  • Fron Målungdom: 1 verving

Studentmållagsvervetoppen

  • Studentmållaget i Oslo: 16 vervingar
  • Studentmållaget i Volda: 16 vervingar
  • Studentmållaget i Bergen: 14 vervingar
  • Studentmållaget i Tromsø: 9 vervingar
  • Studentmållaget i Nidaros: 3 vervingar
  • Ås studentmållag: 1 verving

Oppdatert 25.09.17