Norsk Målungdom

Landsmøte 2017

31. mars til 2. april dreg me til Sandane i fagre Nordfjord for å avgjere kva NMU skal meine og arbeide med i året som kjem.

Vil du vere med? Ta kontakt med lokallaget ditt allereie i dag – utsendingar til landsmøtet vert valde på lokallagsårsmøta. Har du ikkje noko lokallag? Då er du hjarteleg velkomen som observatør!

Påmelding

Lokallaga vel normalt utsendingar på årsmøtet (høgsesongen for årsmøte er januar-mars). Ta kontakt med lokallaget ditt om du vil reise på landsmøtet for dei.

Dersom du ikkje har noko lokallag, kan du reise som observatør. Er du usikker på om det er lokallag der du bur, ta kontakt med skrivarstova.

Lurer du på kor mange utsendingar laget ditt kan sende? Utsendingsnykelen finn du i §24 i lovene.

Praktisk

Kvar: Sandane i Gloppen kommune

Når: 31. mars til 2. april. Møtestart er sett til 1630 – men det kan vere lurt å vere framme ei stund før, slik at du får sjekka inn, ete litt mat og gjort deg klar til møtestart.

Reisedekking: Dei lokallaga som ikkje har monalege inntekter utanom Frifond, kan få dekt reiseutlogene av sentrallekken. Du kan lese meir om reisedekking.

Reiseruter

Lurer du på korleis du skal kome deg til landsmøtestaden? Her finn du eit oversyn over korleis ein lettast mogleg kjem seg til Sandane.

Fristar

Fristen for å levere endringsframlegg til lovene og tufta er 16. februar 2017. Den same fristen gjeld for medlemer eller lokallag som ynskjer å melde eigne saker til landsmøtet.

Siste frist for på- og avmelding er sett til fredag 17. mars.

Dersom du eller lokallaget ditt ynskjer å fremje ei fråsegn til landsmøtet, tek me gjerne imot. Fråsegner må vere skrivarstova i hende seinast 29. mars.