Norsk Målungdom

Program for nynorsk i lærarutdanningane

Vedteke på landsmøtet i Norsk Målungdom 31. mars–2. april 2017. Brigda på landsmøtet i Norsk Målungdom 21.–23. april 2023 og 20.–22. mars 2026.

1 INNLEIING

For å sikre god opplæring i både nynorsk og bokmål, attpå gode haldningar til nynorsken hjå lærarar og elevar, er ein avhengig av ei god lærarutdanning. Språkleg trygge lærarar er nøkkelen til å skape språkleg trygge elevar med gode haldningar til norsk språk. Alle lærarar skal vere språklærarar og treng difor god kompetanse i båe skriftspråka. Dei som arbeider i denne profesjonen, skal kunne undervise elevar med nynorsk som både hovudmål og sidemål, uansett kvar i landet det måtte vere.

2 TYNGDA TIL NORSKFAGET

2.1 Norsklærarstudentar

Sjølv om alle lærarar er språklærarar, har norsklærarane eit særleg ansvar for sidemålsopplæringa. Utdanningsinstitusjonane går ut ifrå at studentane har kompetansen dei treng i både nynorsk og bokmål, men dette stemmer ikkje nødvendigvis. På veg inn i lærarutdanninga har studentane hatt ulik kvalitet i nynorskopplæringa, noko som gjer føresetnadane deira for å lære bort språket ulike. Den framtidige lærargenerasjonen kan ikkje bli bygt på ujamt grunnlag. Norsk Målungdom krev at utdanningsinstitusjonane tek ansvar for dette. I tillegg til den reint språklege kompetansen treng dei komande norsklærarane opplæring i nynorskdidaktikk. Då får bokmålselevane god opplæring i sidemålet sitt, og både lærarar og elevar vert medvitne om at nynorsk ikkje er det einaste sidemålet.

2.2 Andre lærarstudentar

Av Kunnskapsløftet følgjer det at språkleg vurdering skal vere ein del av karaktergrunnlaget i alle fag. For at dette skal vere mogleg, må alle lærarar kunne både nynorsk og bokmål. Det er spesielt viktig at lærarar som ikkje har norsk i fagkrinsen, kan korrekt terminologi i sitt fag på båe skriftspråka. Norsk Målungdom meiner ansvaret ligg hjå utdanningsinstitusjonane, både å sikre at studentane kan språket godt nok, og samtidig at dei har god kjennskap til og forståing for kva det vil seie at Noreg har to skriftspråk.

3 DEI ULIKE LÆRARUTDANNINGANE

Det er mange måtar å verte lærar på, og me treng mange ulike typar lærarar. Felles for alle er at dei må bruke språk i møte med elevar og barnehageborn. Det gjeld uansett om borna er eller vert nynorsk- eller bokmålselevar. For å oppnå dette må utdanningsinstitusjonane formidle gode språkhaldningar og sørgje for at studentane får høve til å lære og halde ved like språket. Dette kan dei til dømes sikre ved å halde nynorskkurs, bruke nynorsk i undervisninga og ha språkdelte arbeidskrav.

3.1 Barnehagelærarutdanning

Dei første stega av språkopplæringa tek ein allereie i barnehagen. Difor er det viktig at barnehagelærarar kan syne fram det norske språkmangfaldet. Dette gjeld særleg dei norske skriftspråka nynorsk og bokmål, og det er utdanningsinstitusjonane sitt ansvar at barnehagelærarstudentane får denne kompetansen. Utforsking av munnleg og skriftleg språk er ein del av rammeplanen for barnehagen, men i praksis er det ikkje vanleg at barnehagelærarar knyter språkføringa til nynorsk spesielt.

Forsking syner at barnehageborn lærer best gjennom leik, rim og rytme, og dette er eit glimrande høve til å dra språklæring inn i barnehagekvardagen. Det er viktig at barnehagelærarutdanninga utdannar barnehagelærarar som har eit medvite forhold til skriftspråk. Barnehagelærarar i nynorskområde må sjå på det som viktig at dei bruker flest songar og regler på nynorsk, i tillegg til at nynorsk ikkje skal vere heilt usynleg der bokmål dominerer.

3.2 Lærarutdanning for småtrinnet

Det neste steget i språklæringa skal barneskulelærarane stå for. Det er desse som skal lære elevane å lese og skrive. På barneskulen har elevane rett til undervisning på hovudmålet sitt, og dersom læraren skal ha reell sjanse til å jobbe kvar som helst i landet, bør framtidige lærarar kunne både bokmål og nynorsk skikkeleg.

Dessutan er det viktig at elevane på barneskulen, nett som barnehageborna, får verte kjende med både nynorsk og bokmål uavhengig av kvar i landet dei bur. Me veit at ein lærer språk betre når ein er ung, noko barneskulelærarane har ansvar for. Difor er det viktig at grunnskulelærarutdanninga sørgjer for at barneskulelærarstudentane er godt budde på det.

Studentane på lærarutdanninga 1.–7. er generelt dei som vert testa best i nynorsk, ettersom det er obligatorisk å ha norsk som del av dette utdanningsløpet. Det er likevel stor forskjell mellom utdanningsinstitusjonane når det gjeld kor stor plass nynorsk faktisk får i norskemna. Her må det kome tydelegare rammer, slik at det ikkje vert opp til kvar enkelt emnestyrar å vurdere kor mykje studentane skal ha av kvart skriftspråk.

3.3 Lærarutdanning for mellomtrinnet og ungdomsskulen

På mellom- og ungdomsskuletrinnet møter elevane nynorsk på nye måtar og i nye situasjonar. I løpet av ungdomsskulen byrjar elevane med sidemål, som dei skal vurderast i på lik linje med hovudmålet sitt. Eit stort problem i dag er at mange bokmålselevar har sitt første ordentlege møte med nynorsk nettopp når dei byrjar med det som sidemål. Difor er det viktig at lærarane kan formidle kunnskap om den norske språkstoda og gode språkhaldningar til elevane, og spesielt viktig at elevane allereie får møtt nynorsk på barnetrinnet, ein arena fri for karakterpress.

På lærarutdanninga 5.-10. er det ikkje obligatorisk å ha norsk. Forskrifta seier at alle studentane på 5.-10. uansett skal beherske båe skriftspråka, men det ymsar stort frå universitet til universitet kor god nynorskopplæring dei tilbyr lærarstudentar som ikkje har norsk i fagkrinsen sin. Fordi alle lærarar er språklærarar, krev Norsk Målungdom at det kjem på plass eit mykje tydelegare regelverk for kva nynorskkompetanse lærarstudentane 5.-10 skal ha, uansett om dei har norsk i fagplanen sin eller ikkje. Det er naudsynt for å sikre at dei kan undervise på båe dei norske språka, og at dei kan gje god undervisning til elevane uansett kva hovudmål dei har. Noko anna som er til hinder, er at lærarstudentar som har hatt fritak frå vurdering i sidemål på vidaregåande, òg kan få fritak i høgare utdanning med mindre dei har fagleg fordjuping i norsk. Dette går ut over elevane, for dei har rett til å få undervisning på hovudmålet sitt i alle fag. Difor vil Norsk Målungdom ha slutt på denne ordninga.

3.4 Lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning

Lektorutdanninga trinn 8.-13. gjev ei anna fagleg fordjuping enn andre lærarutdanningar. Eit fleirtal av lektorane kjem ikkje til å ha norsk som undervisningsfag, men det er likevel viktig å sikre at dei har kompetanse i både nynorsk og bokmål. Anten studentane følgjer eit lektorløp eller tek praktisk-pedagogisk utdanning, er det viktig at dei får god opplæring i norsk språkføring og fagterminologi, særleg nynorsk. Utdanningsinstitusjonen må kartleggje korleis studentane gjer det og tilby kurs til dei studentane som treng det. Difor ønskjer Norsk Målungdom å innføre nasjonale deleksamenar i norsk, slik grunnskulelærarstudentane allereie har i matematikk. Resultatet skal vere synleg på vitnemålet til studenten. Norsk Målungdom vil og at Termportalen eksplisitt skal presenterast i løpet av utdanningsløpet til lektor- og PPU-studentane, da dette er eit nyttig verktøy for å samanlikne fagtermar på nynorsk og bokmål.

3.5 Etter- og vidareutdanning

Sidan mange lærarar i dag ikkje har god nok kunnskap i nynorsk og i nynorskdidaktikk, må det kome etterutdanningar som kan ordne opp i dette. Både elevane som har nynorsk som hovudmål og elevane som har nynorsk som sidemål, fortener kompetente lærarar som kan gje dei den kunnskapen dei har krav på.