Norsk Målungdom

Nynorske læremiddel i høgare utdanning

, Landsstyret

På mange fagområde innanfor høgare utdanning finst det knapt lærebøker på nynorsk. Dette er eit problem. Lærebøker på nynorsk er ei god støtte for nynorsk fagspråk og eit godt høve til å utvikla nynorsk fagterminologi. Det er også eit bra høve for studentane å tileigna seg det nynorske fagspråket, noko som vil vera nyttig for mange, anten fordi dei sjølve nyttar nynorsk, eller fordi dei skal ut i eit yrke som krev at dei meistrar det nynorske fagspråket. Som elles i samfunnet er også jamstilling eit gode i seg sjølv.

For å hjelpa på å bøta på problemet med manglande nynorskbøker oppretta Stortinget i 1984 ei støtteordning for lærebøker til høgare utdanning. Pengane skulle gå til å utgje nynorske lærebøker «for å betra den språklege jamstillinga for bøker på dette nivået», og til produksjon av lærebøker i små opplag. I dag er det lærebokutvalet for høgare utdanning som avgjer kva bøker som får støtte. Desse er underlagt Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). Dette er eit fint føremål.

Dessverre har ordninga glidd bort frå det opphavelege føremålet, og over til å berre prioritera fag med små opplagstal, slik at det i dag i realiteten berre er lærebøker for små fag, uavhengig av om dei er på nynorsk eller bokmål, som kan nytta seg av ordninga. Denne prosessen har ikkje vore politisk styrt, og i innstillingane til statsbudsjettet skriv ein samla utdannings- og forskingskomite at det opphavlege føremålet med løyvingane framleis står ved lag.

Norsk Målungdom krev at Diku oppdaterer retningslinjene sine for ordninga slik at nynorske pensumbøker for alle slags fag – uavhengig av storleik – får støtte i seinare søknadsrunder.