Historisk har me alltid norvagisert lånord, altso å stava framande lånord på ein kjend, heimleg måte. Ord som photograhie, terrain, orange, fackel og jaloux vart fotografi, terreng, oransje, fakkel og sjalu. Dei siste tiåra har norvagiseringspolitikken sakna fart og me får stadig fleire lånord som må stavast på ein framand måte.
Dette gjer norsk mindre systematisk og gjer at engelske lånord, som er det målet som trugar norsk mest nett no, lettare smyg seg inn i skriftmålet. Både pedagogisk og ideologisk meiner me at det kan løna seg å bruka norvagisert stavemåte. Det er lettare å læra seg å stava, korleis det skal verta uttala og dessutan glid det lettare inn i resten av målet.
Landsstyret i Norsk Målungdom vil at det norvagiserte ordtilfanget vert utvida, slik at det skal vera valfritt å skriva energi eller enersji, ingeniør/insjenør, bacalao/bakalao, bacon/beiken, dub/døbb osb. Språkrådet gjer allereie dette med champagne/sjampanje, fascisme/fasisme, guide/gaid, service/sørvis osb.
Landsstyret i Norsk Målungdom oppmodar styresmaktene til å stø Språkrådet i norvagiseringspolitikken. Landsstyret i Norsk Målungdom oppmodar private verksemder, forlag og mediehus til å taka i bruk dei norske stavemåtane, fordi Språkrådet berre tek inn ord i rettskrivinga som er i bruk. Målungdomen brukar allereie tako og pitsa i arbeidet vårt. Norvagiseringa må heller ikkje gå utover politikken med å finna nye avløysarord, slik som KI for AI eller Ståhjuling for Segway, men verta bruka i lag med å laga nye avløysarord.