Norsk Målungdom

Nynorskelevar fortener digitale læremiddel på språket sitt

, Landsstyret

Elevar i skulen i dag skal få velje fritt kva hovudmål dei ønskjer. For at dette valet skal vere reelt, må ein ha tilgang på læremiddel på den ønskte målforma. Det har i mange år vore eit problem at nynorskelevar ikkje får lærebøkene sine i tide. No har denne utfordringa kome til ein ny arena – den digitale plattforma i skulen.

Stadig meir av undervisinga går føre seg digitalt, og ved hjelp av digitale hjelpemiddel frå kommersielle aktørar. Opplæringslova §15-3 slår fast at læremiddel skal liggje føre på bokmål og nynorsk, men det er diverre ein del program som blir brukte i skulen som ikkje fell under lovas kriterium for eit læremiddel. Utan eksponering vil både nynorsk- og bokmålselevar få vanskar med å lære seg den minst brukte målforma. At digitale læremiddel i så liten grad blir utvikla for nynorskelevar, og elevar med nynorsk som sidemål, gjev dårlegare føresetnadar for læring, og aukar risikoen for målbyte.

Landsstyret i Norsk Målungdom krevjar

  • At alle utviklarar av digitale pedagogiske plattformer skal ta omsyn til båe skriftspråk, då særleg med eit ønske om å auke nynorskandelen.
  • At skular skal la vere å bruke pedagogiske plattformer og digitale hjelpemiddel som ikkje stør nynorsk, der dette er mogleg.
  • At norske styresmakter skal skape insentivordningar for utviklarar av digitale pedagogiske plattformer og hjelpemiddel for å styrkje kvaliteten på og mengda av nynorsk.