Norsk Målungdom

Sentralstyret 2020-2021

LeiarGunnhild Skjold (Frå Tromsø, fødd 1995)

Gunnhild har vore leiar i Studentmållaget i Tromsø og sete tre periodar i landsstyret. Dette er hennar tredje år i sentralstyret. Gunnhild er utdanna lektor i realfag ved UiT Noregs arktiske universitet. På fritida likar ho å strikka og sjå film.

E-post: gunnhild@malungdom.no Telefon: 97417145

1. nestleiarIngunn V. Steinsvåg (Frå Stord, fødd 1995)

Ingunn har vore leiar i Studentmållaget i Stavanger og i Ås Studentmållag. Ho har sete to periodar i landsstyret. Dette er hennar andre år i sentralstyret. Ingunn har ein master i bioteknologi frå NMBU. På fritida likar ho å strikka og pusla.

E-post: ingunn@malungdom.no Telefon: 45663473

SentralstyremedlemErling Løklingholm Leivestad (Frå Stord, fødd 2001)

Erling har vore leiar i Sumarøyo Målungdom. Han har sete ein periode i landsstyret, og dette er hans første år i sentralstyret. Erling studerer industriell kjemi og bioteknologi ved NTNU. På fritida likar han å bada og skriva dikt.

SentralstyremedlemTobias Christensen Eikeland (Frå Oslo, fødd 2000)

Tobias har vore aktiv i målungdommen i mange år og har også bakgrunn frå andre ungdomsorganisasjonar. Han har sete ein periode i landsstyret og ein periode som vara til sentralstyret. Dette er hans første år i sentralstyret. Han tek lektorutdanning ved NTNU. På fritida likar han å lesa om språk og sjå på Netflix.

SentralstyremedlemÅdne Reidar Nes Kleppe (Frå Nordfjordeid, fødd 1998)

Ådne Reidar har bakgrunn frå andre ungdomsorganisasjonar. Dette er hans første år i sentralstyret. Ådne Reidar tek lektorutdanning ved NTNU. På fritida likar han å gå på fjellet og vera sosial med vener.

1. varaAnna Rekdal (Frå Vestnes, fødd 1995)

Anna har bakgrunn frå Studentmållaget i Nidaros. Ho har sete to periodar i landsstyret. Dette er hennar andre år som vara til sentralstyret. Anna er utdanna sivilingeniør i fysikk og matematikk ved NTNU. På fritida likar ho å lesa og baka.

2. varaÅsmund Mikalsen Kvifte (Frå Osterøy, fødd 1992)

Åsmund har vore aktiv i Ås studentmållag i mange år. Han har sete i landsstyret i fire periodar, i sentralstyret i to periodar og detter er hans tredje periode som vara til sentralstyret. Åsmund arbeider for tida med ein doktorgrad om vatnet i grøfter. På fritida likar han å lesa og gå tur.

3. varaSvein Soldal Eggerud (Frå Stord, fødd 1995)

Svein har vore kasserar i Studentmållaget i Stavanger. Han har sete to periodar i landsstyret, og tre periodar i sentralstyret. Dette er hans første år som vara til sentralstyret. Svein studerer til å bli norsklærar. På fritida likar han å spela dataspel og gå tur.