Norsk Målungdom

Sentralstyret 2019-2020

LeiarGunnhild Skjold (Frå Tromsø, fødd 1995)

Gunnhild har bakgrunn frå Studentmållaget i Tromsø, der ho har vore leiar. Ho har vore i landsstyret i fleire periodar. Gunnhild er utdanna lektor i realfag ved UiT.

E-post: gunnhild@malungdom.no Telefon: 97417145

NestleiarSvein Soldal Eggerud (Frå Stord, fødd 1995)

Svein har vore kasserar i Studentmållaget i Stavanger og har sete to periodar i landsstyret. Han studerer til å bli norsklærar ved OsloMet.

E-post: svein@malungdom.no Telefon: 45693360

SkrivarIngunn V. Steinsvåg (Frå Stord, fødd 1995)

Ingunn har vore leiar i Studentmållaget i Stavanger og i Ås Studentmållag. Ho har sete to periodar i landsstyret. Ingunn har ein master i bioteknologi frå NMBU.

ØkonomiansvarlegFrida Pernille Mikkelsen (Frå Førde, fødd 1997)

Frida har bakgrunn frå Firda Målungdom og Studentmållaget i Oslo. Ho har sete to periodar i landsstyret. Frida studerer offentleg administrasjon og leiing ved UiO.

SentralstyremedlemHåkon Remøy (Frå Herøy, fødd 1993)

Håkon har bakgrunn frå Studentmållaget i Bergen. Han har sete to periodar i landsstyret. Håkon har studert nordisk språk ved UiB.

SentralstyremedlemRagnhild Kvifte (Frå Osterøy, fødd 1995)

Ragnhild har bakgrunn frå Studentmållaget i Bergen. Ho har sete to periodar i landsstyret. Ragnhild tar ein master i miljø og naturressursar ved NMBU.

SentralstyremedlemIngvild Nese (Frå Asker, fødd 2001)

Ingvild har vore leiar i Akershus Målungdom. Ho går siste året på vidaregåande.

1. varaAnna Rekdal (Frå Vestnes, fødd 1995)

Anna har bakgrunn frå Studentmållaget i Nidaros. Ho har sete to periodar i landsstyret. Anna er utdanna sivilingeniør i fysikk og matematikk ved NTNU.

2. varaHans Rasmus Glomsrud (Frå Eidsberg, fødd 1993)

Hans Rasmus har vore leiar i Østfold dialekt- og målungdom, han har sete i landsstyret, og i sentralstyret i to periodar.

3. varaÅsmund Mikalsen Kvifte (Frå Osterøy, fødd 1992)

Åsmund har vore aktiv i Ås studentmållag i mange år. Han har sete i landsstyret i fire periodar og i sentralstyret i to periodar.