Norsk Målungdom

Sentralstyret 2018-2019

LeiarFredrik Hope (Frå Gloppen, fødd 1993)

Fredrik har bakgrunn frå både Firda Målungdom, Skibladner Målungdom og Studentmållaget i Bergen. I fyrst- og sistnemnde har han vore leiar, og han har også sete eit år i landsstyret. I 2014 vart han vald inn i sentralstyret. Fredrik er elles ein driven felespelar, har ein bachelor i retorikk frå UiO og studerer i dag bibliotekvitskap ved HiOA.

E-post: fredrik@malungdom.no Telefon: 954 04 115

NestleiarGunnhild Skjold (Frå Tromsø, fødd 1995)

Gunnhild har bakgrunn frå Studentmållaget i Tromsø, der ho har vore leiar. Ho har vore i landsstyret i fleire peiodar. Gunnhild studerer til å bli lektor i realfag ved UiT.

E-post: gunnhild@malungdom.no Telefon: 97417145

SkrivarEline Bjørke (Frå Løten, fødd 1993)

Eline har vore leiar i Studentmållaget i Nidaros og ho har sete to periodar i landsstyret. Ho er utdanna lektor frå NTNU.

ØkonomiansvarlegFrida Pernille Mikkelsen (Frå Førde, fødd 1997)

Frida har bakgrunn frå Firda Målungdom og Studentmållaget i Oslo. Ho har sete to periodar i landsstyret. Frida studerer arkeologi ved UiO.

SentralstyremedlemSvein Soldal Eggerud (Frå Stord, fødd 1995)

Svein har vore kasserar i Studentmållaget i Stavanger og har sete to periodar i landsstyret.

SentralstyremedlemÅsmund Mikalsen Kvifte (Frå Osterøy, fødd 1992)

Åsmund har vore aktiv i Ås studentmållag i mange år, og han har sete i landsstyret i fire periodar før han vart valt inn som vara i sentralstyret i 2016.

1. varaKine Gjertrud Svori (Frå Luster, fødd 1996)

Kine har vore leiar i Fron Målungdom og har sete eit år som landsstyremedlem og eit som sentralstyremedlem. Ho går lektorprogrammet med tysk på UiO.

2. varaHans Rasmus Glomsrud (Frå Eidsberg, fødd 1993)

Hans Rasmus har vore leiar i Østfold dialekt- og målungdom, han har sete i landsstyret, og i sentralstyret i to periodar.

3. varaTobias Christensen Eikeland (Frå Oslo, fødd 2000)

Tobias har hatt verv i andre organisasjonar. Han går på vidaregåande skule.